mini|Verdskart frå sein krit. Sein eller øvre krit er den andre av to epokar i krittida. Han starta for 100 millionar år sidan og enda for 65,5 millionar år sidan.

Paleogeografi Amerika flytta seg gradvis vestover og Atlanterhavet utvida seg. India heldt fram nordver mot Asia. På den sørlege halvkula sat Australia og Antarktis framleis saman og byrje å drive bort frå Afrika og Sør-Amerika."Dinosaurs Rule the World: Late Cretaceous Period." In: Dodson, Peter & Britt, Brooks & Carpenter, Kenneth & Forster, Catherine A. & Gillette, David D. & Norell, Mark A. & Olshevsky, George & Parrish, J. Michael & Weishampel, David B. The Age of Dinosaurs. Publications International, LTD. s. 103-104. ISBN 0-7853-0443-6. Europe var på denne tida ei øygruppe og på nokre av desse øyane fanst endemiske dvergdinosaurar.

Dyrliv Dinosaurane dominerte landjorda under sein krit, mellom anna Tyrannosaurus rex, som var den største kjøtetaren på denne tida. Fuglane vart stadig vanlegare og mangfaldige og erstatta etter kvart flygeøglene. Pattedyra vart òg vanlege, men var framleis primitive og små.

I havet dukka brått mosasaurane opp og utvikla seg særs raskt. Moderne haiar og store pliosaurar dukkar òg opp, saman med dei enorme (13 meter lange) elasmosaurane. Desse rovdyra livnærte seg på mange fiskar, som hadde utvikla seg til moderne former.

Masseutryddinga

Krit-tertiær-utryddinga var ei stor masseutrydding av dyr og planter i løpet av geologisk kort tid for om lag 65,5 millionar år sidan. Ho vert ofte kalla K-T-utryddinga, og er knytt til eit uvanleg tyng berglag som ein finn over heile jorda. Hendinga markerer slutten på mesozoikum og byrjinga på kenozoikum.

Alle dinosaurar som ikkje utvikla seg til fuglar døydde ut i K-T-utryddinga. I tillegg døydde mange virvellause dyr og planter ut under hendinga. Pattedyr og fuglar klarte seg godt gjennom hendinga.

Forskarar meiner at K-T-utryddinga kan ha vore skapt av ei katastrofal hending som eit massivt asteroidenedslag eller kraftig vulkansk aktivitet. Fleire nedslagskrater og massive vulkanar i Deccan-trappene har vorte datert til om lag same tid som utryddinga fann stad. Desse geologiske hendingane kan ha redusert sollyset så mykje at fotosyntesen vart hindra og den globale økologien vart forstyrra. Andre forskarar meiner at utryddingane skjedde meir gradvis på grunn av endringar i havnivå og klima.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Late Cretaceous» frå , den 25. august 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Krittida Kategori:Geologiske tidsperiodar