10cc er eit engelsk rockeband skipa i Stockport i Stor-Manchester i 1972. Gruppa bestod opphavleg av fire musikarar – Graham Gouldman, Eric Stewart, Kevin Godley og Lol Creme – som hadde skrive og spelt inn musikk i lag sidan 1968. Gruppa bestod av to låtskrivarteam. Stewart og Gouldman var hovudsakleg pop-låtskrivarar, som skapte dei mest tilgjengelege songane deira. Godley og Creme var den meir dominerande halvdelen av 10cc, med kunst- og filmatisk-inspirerte songar.

Alle medlemmane i 10cc var multi-instrumentalistar, songarar, låtskrivarar og produsentar. Dei fleste av platene deira vart spelt inn i deira eige Strawberry Studios (North) i Stockport og Strawberry Studios (South) i Dorking, og Stewart var lydteknikar på dei fleste.

Frå 1972 til 1978 hadde 10cc fem album på rad som gjekk inn på topp 10 på den britiske albumlista: Sheet Music, The Original Soundtrack (1975), How Dare You! (1976), Deceptive Bends (1977) og Bloody Tourists (1978). Dei hadde òg tolv singlar som nådde topp 40 på den britiske singellista, og tre av dei gjekk heilt til topps på lista: «Rubber Bullets» (1973), «I'm Not in Love» (1975) og «Dreadlock Holiday» (1978). «I'm Not in Love» vart det store gjennombrotet deira verda over og er kjend for det nyskapande akkompagnementet. Godley and Creme slutta i bandet i 1976 på grunn av kunstnariske usemjer og vart ein duo. Stewart slutta i bandet i 1995. Sidan 1999 har Gouldman leia ein turnéversjon av 10cc.

Første samarbeid Tre av dei skipande medlemmane i 10cc var barndomsvener i Manchester-området. Som gutar kjende Godley og Creme kvarandre. Gouldman og Godley gjekk på same ungdomsskule og den felles musikkinteressa deira førte til at dei spelte i lag i det lokale Jewish Lads' Brigade.Lester, Paul «Heirs to The Beatles: The story of 10cc». The Jewish Chronicle

1964–1969: Tidlege band Det første samarbeidet deira i studio var i 1964 då bandet til Gouldman, The Whirlwinds, spelte inn Lol Creme-songen «Baby Not Like You», som B-side til den einaste singelen deira, «Look At Me». The Whirlwinds endra så medlemmar og namn og vart The Mockingbirds (med songaren og gitaristen Gouldman, bassisten Bernard Basso og trommeslagaren Kevin Godley, som tidlegare spelte i The Sabres med Creme). The Mockingbirds spelte inn fem singlar i 1965–66 utan noko suksess, før dei vart oppløyst. Gitraisten i både The Whirlwinds og The Mockingbirds var Stephen Jacobson, bror til den kjende forfattaren Howard Jacobson.Egan, Shaun (2004), The Guys Who Wrote 'em: Songwriting Geniuses of Rock and Pop, Askill Publishing, , Graham Gouldman.

I juni 1967 kom Godley og Creme saman att for ein enkel singel («Seeing Things Green» med «Easy Life» på UK CBS) under namnet «The Yellow Bellow Room Boom». I tok 1969 Gouldman dei til ei innspeling for Marmalade Records. Sjefen her, Giorgio Gomelsky, vart imponert over falsettrøysta til Godley og tilbaud dei ein platekontrakt. I september 1969 spelte Godley & Creme inn nokre grunnleggjande spor i Strawberry Studios, i lag med Stewart på gitar og Gouldman på bass. Songen «I'm Beside Myself» med B-sida «Animal Song» kom ut på singel under namnet Frabjoy and Runcible Spoon.

Gomelsky (tidlegare manager for The Yardbirds) planla å marknadsføre Godley & Creme som ein duo, på liknande vis som Simon & Garfunkel.Notat i plateomslaget til Strawberry Bubblegum, skriven av David Wells, juni 2003 Planar om eit album av Frabjoy and Runcible Spoon mislukkast, då Marmalade gjekk tom for pengar. Solospor av Godley og Gouldman, begge spelte inn i lag med Stewart og Creme, kom ut på eit samlealbum av Marmalade Records i 1969, 100 Proof. Gouldman-songen var «The Late Mr. Late». Eit år seinare kom songen til Godley, «To Fly Away», ut som «Fly Away» på debutalbumet til Hotlegs, Thinks: School Stinks.

Gouldman hadde blitt kjend som ein hit-låtskrivar og skrive «Heart Full of Soul», «Evil Hearted You» og «For Your Love» for The Yardbirds, «Look Through Any Window» og «Bus Stop» for The Hollies og «No Milk Today», «East West» og «Listen People» for Herman's Hermits.

1965–1968: The Mindbenders Samstundes fekk det fjerde, framtidige medlemmet i 10cc smake på popsuksess: gitaristen Eric Stewart var medlem av Wayne Fontana and the Mindbenders, som gjekk heilt til topps i Storbritannia med «The Game of Love», og fekk fleire andre hittar i midten av 1960-åra. Då Fontana slutta i bandet i oktober 1965, vart gruppa kjend som berre The Mindbenders, med Stewart som solovokalisten deira. Bandet fekk ein hit med «A Groovy Kind of Love» (utgjeven desember 1965) og var med i filmen To Sir, with Love frå 1967 med «It's Getting Harder All the Time» og «Off and Running.»

I mars 1968 vart Gouldman med Stewart i The Mindbenders, der han erstatta bassisten Bob Lang og spelte på nokre konsertar. Gouldman skreiv to av dei tre siste singlane til bandet, «Schoolgirl» (november 1967) og «Uncle Joe the Ice Cream Man» (august 1968). Desse singlane gjekk ikkje inn på lista og The Mindbenders vart oppløyst etter ein kort turné i England i november.

1968–1970: Strawberry Studios og tyggegummitida Medan The Mindbenders gjekk mot slutten, byrja Stewart å spele inn demoar med nye songar i Inner City Studios, eit studio i Stockport som då var eigd av Peter Tattersall, ein tidlegare turnémanager for Billy J. Kramer og Dakotas. I juli 1968 gjekk Stewart inn som partner i studioet i lag med Tattersall, der han kunne finpusse kunnskapane sine som lydteknikar.Eric Stewart comment on his website I oktober 1968 vart studioet flytta til større lokale og kalla Strawberry Studios, etter The Beatles-songen «Strawberry Fields Forever».Eric Stewart comment on his website

I 1969 byrja òg Gouldman å bruke Strawberry til å spele inn demoar av songar han hadde skrive for Marmalade. Han hadde vorte meir etterspurt som låtskrivar enn som utøvar. Mot slutten av året gjekk han òg inn som økonomisk partner i studioet.

Innan 1969 arbeidde alle dei fire medlemmane i det originale 10cc ofte saman i Strawberry Studios. Kring same tid, kom dei amerikanske tyggegummipop-låtskrivarane og produsentane Jerry Kasenetz og Jeffry Katz frå Super K Productions til England og tinga Gouldman til å skrive og produsere hyllevare-aktige tyggegummisongar, og mange av dei vart spelte inn i Strawberry Studios, ofte med delar eller alle dei framtidige medlemmane i 10cc.

Blant innspelingane i denne perioden var «Sausalito», som nådde 86. plassen i USA med Ohio Express då han kom ut i juli 1969. Songen er faktisk sungen av Gouldman og dei tre andre framtidige 10cc-medlemmane speler alle instrumenta.

I desember 1969 gjekk Kasenetz og Katz med på eit forslag av Gouldman om at han berre arbeidde i Strawberry, i staden for å stadig flytte mellom Stockport, London og New York. Gouldman overtydde paret om at desse to minuttar lange bruk-og-kast-songane kunne skrivast, framførast og produserast av han sjølv og dei tre kollegaene hans, Stewart, Godley og Creme, for ein brøkdel av prisen det kosta å leige inn studiomusikarar. Kasenetz og Katz hyrte studioet for dei neste tre månadane.

Kevin Godley sa:Me laga mange songar på særs kort tid - det var verkeleg som ein maskin. Tjue spor på kring to veker - mykje skikkeleg dårleg - berre drit. Me la om stemmene våre, alt - det sparte dei for mykje pengar. Me song til og med kvinneleg korvokal. Det tre månadar lange prosjektet førte til ei rekkje av songane som vart gjevne ut under forskjellige bandnamn eigde av Kasenetz-Katz, som «There Ain't No Umbopo» av Crazy Elephant, «When He Comes» av Fighter Squadron og «Come on Plane» av Silver Fleet (alle tre med solovokal av Godley), og «Susan's Tuba» av Freddie and the Dreamers (som vart ein enorm hit i Frankrike med solovokal av Freddie Garrity, trass i at somme påstår det er Gouldman).

Lol Creme sa: «Singlane kom stadig ut under rare namn, sjølv om dei var spelte inn av oss. Me hadde inga aning om kor mange det var eller kva som skjedde med alle saman.»

Stewart skildra Kasenetz-Katz-avtalen som eit gjennombrot: «Det tillet oss å få ekstra utstyr og lage eit skikkeleg studio. Til å byrje med var dei berre interesserte i låtskrivinga til Graham og då dei høyrde at han hadde eit studio, tenkte dei det var det mest økonomiske for dei å leige studioet hans og la han arbeide der - men dei enda opp med å spele inn songane til Graham og så somme av Kevin og Lol sine songar, og me arbeidde alle i lag.»

1970–1971: Hotlegs, Doctor Father, The New Wave Band og Festival Då den tre månadar lange produksjonsavtalen med Kasenetz-Katz var over, reiste Gouldman attende til New York for å arbeide som fast låtskrivar for Super K Productions og dei andre tre vart verande att og leikte seg i studio.

Då Gouldman var borte, fortsette Godley, Creme og Stewart å spele inn singlar. Den første, «Neanderthal Man», kom ut under namnetHotlegs, og kom til under ein test av trommene på den nye miksepulten til Strawberry Studios, men då han kom ut på singel på Fontana Records i juli 1970 klatra han heilt til andreplassen på den britiske singellista og vart ein hit verda over med meir enn to millionar selde eksemplar. På same tid gav trioen ut «Umbopo» under namnet Doctor Father. Songen, som var ein langsamare, lengre og meir melankolsk versjon av songen tidlegare gjeve ut under namnet Crazy Elephant, gjekk ikkje inn på lista.

Dei gjekk attende til det suksessrike bandnamnet Hotlegs, og tidleg i 1971 spelte Godley, Creme og Stewart inn albumet Thinks: School Stinks, med «Neanderthal Man». Dei henta så heim att Gouldman for ein kort turné som oppvarmingsband for The Moody Blues, før dei gav ut oppfølgjarsingelen «Lady Sadie» med B-sida «The Loser». Philips omarbeidde soloalbumet deira, fjerna «Neanderthal Man» og la til «Today» som dei så gav ut som albumet Song. Stewart, Creme og Godley gav ut ein annan singel i februar 1971 under nok eit anna namn, The New Wave Band, denne gongen med det tidlegare Herman's Hermits-medlemmet Derek «Lek» Leckenby på gitar. Songen, som var ein coverversjon av Paul Simon sin «Cecilia», var ein av få songar som bandet gav ut som dei ikkje skreiv sjølv. Songen gjekk ikkje inn på singellista.«Manchester Beat» website

Bandet arbeidde òg utafor Strawberry, med Dave Berry, Wayne Fontana, Peter Cowap og Herman's Hermits, og laga originale komposisjonar for forskjellige britiske fotballag. I 1971 produserte og spelte dei på Space Hymns, eit album av New Age-musikaren Ramases og i 1972–73 produserte dei og spelte på to album av Neil Sedaka, Solitaire og The Tra-La Days Are Over.

Arbeidet på Solitaire, som vart ein suksess for Sedaka, var nok til at bandet byrja å forstå at dei kunne klare seg på eiga hand. Gouldman — som i 1972 var attende i Strawberry Studios — sa: «Det var suksessen til Neil Sedaka som gjorde det, trur eg. Me hadde berre akseptert alle jobbar me fekk tilbod om og vart ganske frustrerte. Me visste me var verdt meir enn det, men me trengde noko som kunne vise oss det. Me sleit med å tenkje på at me hadde gjort ehile det første albumet med Neil for ein fast sum, når me kunne ha arbeidd på våre eigne songar.»}}

Stewart sa avgjersla vart gjort over eit måltid på ein kinarestaurant: «Me spurte oss sjølv om me ikkje burde samle dei kreative talenta våre og prøve å gjere noko med songane som kvar av oss arbeidde med på den tida.»

Som eit firemannsband spelte gruppa inn på ny Hotlegs-songen «Today» med den nye Stewart/Gouldman-songen «Warm Me» og gav han ut på singel under namnet Festival. Singelen gjekk ikkje inn på lista og bandet gjekk vidare med Stewart/Gouldman-songen «Waterfall» tidleg i 1972. Stewart gav acetatplata til Apple Records. Han venta i månader før han fekk ei melding om at songen ikkje var kommersiell nok til å gjevast ut på singel.

1972–1976: Den originale besetninga