Teletskoje (russisk Теле́цкое о́зеро, altaisk Алтын Кӧл, Altyn-Köl) er den største innsjøen i Altajfjella og republikken Altaj i Russland. Han er ein av dei 25 djupaste innsjøane i verda med eit djup på 325 meter.

Teletskjoje ligg 434 meter over havet, er 78 km lang og 5 km brei. Han har eit areal på 233 km², men sidan han er så pass djup som 325 meter inneheld han så mykje som 40 km³ vatn. Vatnet i innsjøen er klårt og har ei sikt på seks til fjorten meter. Sjøen ligg mellom fjellryggane Korbu og Al-tyntu der Sailughemfjella møter Vest-Sajan-fjella. Han er omgjeven av 600-1300 meter høge fjell i nord og om lag 1700-2400 meter høge fjell i sør.

Det renn om lag 70 elvar og 150 midlertidige elvar ut i innsjøen. Den største av desse er Tsjulysjman som står for meir enn halvparten av vssstilførselen til innsjøen. Innsjøen har eitt utløp gjennom elva Bija, som etter å ha slått seg saman med Katun dannar ei av dei største elvane i Sibir, elva Ob.

Teletskoje er ein del av Altajskij naturreservat. Reservatet er i lag med Katun naturreservat og Ukokplatået innskrive på verdsarvlista til UNESCO under namnet «Dei gylne fjella i Altaj».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Teletskoye» frå , den 1. september 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Republikken Altaj