«Rocket 88» er ein rhythm and blues-song som først var spelt inn ved Sam Phillips sitt studio i Memphis i Tennessee den 3. eller 5. mars 1951. Mange hevdar at dette er den aller første rock 'n' roll-songen, mellom anna Phillips sjølv som seinare vart eigar av Sun Records og som var ein av dei første plateprodusentane innan rock and roll.Jim Dawson and Steve Propes, What Was the First Rock 'n' Roll Record?, Faber & Faber, 1992, ISBN 0-571-12939-0
Originalversjonen av Jackie Brenston med Ike Turner Originalversjonen av denne 12-taktsblues-songen var kreditert til Jackie Brenston and his Delta Cats, men dette bandet eksisterte eigentleg ikkje. Songen vart sett i saman av Ike Turner og bandet hans på øvingar ved Riverside Hotel i Clarksdale i Mississippi, og spelt inn av Turner sitt band Kings of Rhythm. Jackie Brenston (1930-1979), som var ein saksofonist med Turner, hadde vokalen på «Rocket 88». Songen var ei hyllest til Oldsmobile-merket «Rocket 88», som akkurat hadde kome på marknaden i 1949. Sjølv om Brenston vart ført opp som låtskrivar i staden for Turner, veit ein i dag at Brenston truleg berre vart ført opp av finansielle årsaker. Suksessen til songen gjorde at Brenston forsvann ut av bandet til Turner for å starte ein solokarrière, men han oppnådde aldri suksess igjen.
Songen bygde på «Cadillac Boogie» frå 1947 av Jimmy Liggins.Jackie Brenston and Ike Turner, Delta Rhythm Kings Han var òg påverka av Pete Johnson sin «Rocket 88 Boogie», ein instrumental som opphavleg vart spelt inn på Los Angeles-selskapet Swing Time Records i 1949.
Med utgangspunkt i jump blues og swingmusikk gjorde Turner songen råare og starta med eit markant etterslag av trommis Willie Sims, og la Brenston sin entusiastiske vokal over sitt eige piano og ein tenorsaksofonsolo av 17 år gamle Raymond Hill (som seinare vart far til Tina Turner sitt første born før ho gifta seg med Ike).Raymond Hill Songen er òg første gong ein forvrengd gitar eller fuzzgitar vert nytta på ein innspeling, spelt av Willie Kizart.
Soga om korleis denne lyden kom til seier at gitarforsterkaren til Kizart vart øydelagd på Highway 61 då bandet køyrde frå Mississippi til Memphis, men at Phillips likte lyden og nytta han.Deep Blues page 222 ISBN 0 14 00.6223 8Rock & Roll: An Unruly History page 201 ISBN 0-517-70050-6
«Rocket 88» var den nest største rhythm and blues-singelen i 1951, og nådde førsteplass i juni og var på topp i fem veker. Dette gav Philips så mykje pengar at han kunne starte Sun Records.Rocket 88 på allmusic
Ike Turner sin pianointro vart seinare nytta note for note av Little Richard på hans «Good Golly Miss Molly».
Versjonen til Bill Haley Bill Haley and the Saddlemen spelte inn ei utgåve av «Rocket 88» den 14. juni 1951, eit par månader etter Brenston spelte inn sin versjonBill Haley: Holiday 105 Haley oppnådde ein regional hit nordaust i USA og fekk Haley inn i den musikalske retninga som seinare skulle gje han den enorme hitten «Rock Around the Clock» i 1954.
Enkelte som meiner at rock and roll er ei samansmelting av country og rhythm and blues meiner at det er Haley, som på denne tida var ein countryartist, som hadde den første rock and roll-songen med denne versjonen og at det ikkje var Turner/Brenston sin original. Uansett er «Rocket 88» ein prototyp for ein rock 'n' roll-song både i stil og instrumentering, samt det tekstmessige temaet der ein bil vert nytta som metafor for seksuelle og romantiske tema.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rocket 88» frå , den 6. september 2008. oppgav desse kjeldene: Nick Tosches, Unsung Heroes of Rock 'n' Roll, Secker & Warburg, 1984, ISBN 0-436-53203-4
Bakgrunnsstoff Brenston på allmusic
Kategori:Songar frå 1951 Kategori:Singlar frå 1951 Kategori:Rock and roll-songar