Skedsmo var ein norsk kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa mot Nittedal, Gjerdrum og Ullensaker i nord, Sørum og Fet i aust, Rælingen og Lørenskog i sør og mot Oslo kommune i vest.
I Skedsmo fann ein byen Lillestrøm. Andre større stader i kommunen var Skjetten, Strømmen, Skedsmokorset og Kjeller. Alle desse stadene, inkludert Lillestrøm, er funksjonelt del av Oslo by. Tettstaden Leirsund, aust i kommunen, strekker seg inn i nabokommunen Sørum.
Den 1. januar 2020 var Skedsmo slegen saman med Fet og Sørum kommunar til nye Lillestrøm kommune.
Næringsliv mini|venstre|Skedsmo rådhus i Lillestrøm mini|venstre|Lillestrøm stasjon mini|venstre|Strømmen kyrkje Handel var ei hovudnæring i kommunen, med store handelsstader som Strømmen storsenter, Norges Varemesse og Exporama på Hellerudsletta. På Kjeller er lokalisert eit større forskningsmiljø. Høgskolen i Akershus og Kunnskapsbyen Lillestrøm driv med utdanning og utvikling på ei rekke område.
Kjende personar frå Skedsmo kommune Andreas Hamnes (1941-) ordførar Trygve Haavelmo (1911-1999), økonom, nobelprisvinnar Arild Andersen (1945-), jazzmusikar Tom Lund (1950-), fotballsspelar Aksel Lund Svindal (1982-), alpinist
Kjelder
Bakgrunnsstoff Skedsmo kommune (Offisiell nettstad)
Kategori:Tidlegare kommunar i Akershus
Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019