mini|høgre|Ein av dei få bevarte kopiane av Waitangitraktaten. Waitangitraktaten (engelsk Treaty of Waitangi, maori Tiriti o Waitangi) er ein traktat (avtale) som først vart underteikna 6. februar 1840 av representantar frå den britiske krona og ulike maorihøvdingar frå den nordlege delen av Nordøya på New Zealand. Traktaten innførte ein britisk guvernør på New Zealand, erkjende eigarskapen māoriane hadde over landet sitt og andre eignelutar, og gav maoriane rettar som britiske borgarar. Traktatversjonane på engelsk og på maori er langt frå i samsvar med kvarandre, så der er inga eigentleg semje om kva partane i 1840 skreiv under på. Frå den britiske synsstaden gav traktaten Storbritannia suverenitet over New Zealand, og guvernøren rett til å styra landet på vegner av den britiske monarken. Maoriane synest å ha hatt andre forståingar av avtalen, mange av desse skil seg sterkt frå dei britiske tolkingane. Etter at traktaten først var underteikna i Waitangi, vart kopiar tekne rundt på New Zealand, og i løpet av dei følgjande månadane underteikna mange andre høvdingar.

Inntil 1970-åra vart traktaten generelt sett bort frå, både av rettsapparatet og Parlamentet, sjølv om han vanlegvis vart skildra i newzealandsk historieskriving som ei generøs og velviljug handling frå krona si side. Sidan seinast på 1860-talet hadde maoriane sett på traktaten med liten velvilje, etter å ha meint å oppleva tap av land og andre rettar, og tilsidesetjande handsaming av styresmaktene. Frå sist på 1960-talet byrja maoriar å merka seg brota på traktaten, og seinare hendingar har lagt vekt på problema med oversetjinga. I 1975 vart Waitangitribunalet etablert som ein permanent granskingskommisjon med oppgåve å granska brot på avtalen ved styresmaktene, og å føreslå åtgjerder for kompensasjon.

I dag er Waitangitraktaten generelt sett på som grunnlagsdokumentet for New Zealand som ein nasjon. Trass dette er han ofte emne for oppheita debatt. Mange maoriar føler at «krona» ikkje heldt sin del av avtalen, og har ført vitneprov om dette i høyringar for Tribunalet, sjølv om det kan vera eit motstt syn frå somme i den ikkje-maoriske leiren som meiner at maoriane legg for mykje vekt på traktaten, og brukar han for å krevja «spesielle privilegium». Staten er ikkje forplikta til å retta seg etter tilrådingane frå Tribunalet, men har ikkje desto mindre i mange saker vedgått å ha brote traktaten og prinsippa i han. Ordninga med erstatning gjennom den statlege ordninga Settlements, har til no gitt utbetalingar på millonar NZD og andre verdiar, så vel som orsakingar.

Underteikninga av traktaten mini|upright|høgre|Kaptein William Hobson Utarbeidinga av Waitangitraktaten vart iverksett av dei britiske styresmaktene etter råd frå embetsmenn i Kolonisekretariatet (Colonial Office), tilskunda av uro over lovløyse, stammekrigar mellom maoriane, og otte for at eit privat firma, New Zealand Company, skulle gjennomføra ei formell kolonialisering av New Zealand. Historikaren Claudia Orange hevdar at kolonistyresmaktene frå først av hadde planlagt eit maoristyrt New Zealand der europeiske innvandrar skulle finna seg til rette, men at synspunktet i 1839 hadde skifta til eit «nybyggjar-New Zealand der ein måtte finna plass til maoriane».

Kaptein William Hobson, ein marineoffiser som tidlegare hadde vore på New Zealand ei tid, vart send ut frå London i august 1839 med instruksar om å ta dei konstitusjonelle åtgjerdene som var naudsynte for å oppretta ein britisk koloni. Han hadde fullmakter til å forhandla fram ei friviljug overføring av sjølvråderett frå maoriane til den britiske krona. Dette var naudsynt, ettersom Underhuset alt hadde vedteke i Declaration of the Independence of New Zealand (Deklarasjon om newzealandsk sjølvstyre), som var ratifisert i 1836, at alle steg den britiske krona gjorde for å annektera New Zealand ville vera ulovleg.Scholefield, G. (1930). Captain William Hobson. s. 202-203.(Instruksar frå Lord Normanby til kaptein Hobson - 14. august 1839). Han vart teken i eid som guvernørløytnant i Sydney og kom til Bay of Islands den 29. januar 1840.

Neste dag, 30. januar 1840, var Hobson tilstades i Christ Church i Kororareka (Russell), han las opp tre kunngjeringar for forsamlinga. Den første handla om utvidinga av grensene til den australske provinsen New South Wales til også å omfatta øyene på New Zealand. Den andre var om Hobson si eiga utnemning til guvernørløytnant. Den tredje handla om transaksjonar av landområde (først og fremst om forkjøpsrett).King, Marie. (1949). A Port in the North: A Short History of Russell. s. 38.

Utan å ha eit dokumentutkast førebudd korkje av juristar eller av embetsmenn i Kolonisekretariatet, var Hobson nøydd til å skriva sitt eige traktatutkast, ved hjelp av sekretæren sin, James Freeman, og den britiske fastbuande, James Busby; ingen av desse lovkunnige. (Busby hadde tidlegare utforma eit utkast til sjølvstendeerklæring for New Zealand Declaration of the Independence of New Zealand, dette hadde vorte underteikna av nokre få maorihøvdingar i 1835, og ratifisert av den britiske krona det følgjande året.) Heile traktaten vart utforma på fire dagar. Det var klårt at ein traktat på engelsk korkje kunne forståast, drøftast eller vedtakast av maoriane, så Hobson påla misjonæren Henry Williams og Edward, son hans, å omsetja dokumentet til maori, og dette vart gjort over natta den 4. februar.

Den 5. februar vart fem kopiar av traktaten på begge språk lagde fram for ei forsamling av nordlege maorileiarar i eit stort telt på plenen framfor huset til Busby i Waitangi. Hobson las traktaten med høg røyst på engelsk, og Williams las sin maoriversjon. Maorileiarane drøfta traktaten i fem timar, og under desse drøftingane gjekk høvdingane Te Kemara, Rewa, Moka 'Kainga-mataa' og fleire andre mot traktaten, medan andre høvdingar, som Pumuka, Te Wharerahi, Tamati Waka Nene og bror hans, Eruera Maihi Patuone la fram sine synspunkt om kva dei venta seg av krona. Etterpå gjekk høvdingane til elvebreidda nedanfor huset til Busby og helt fram med overleggingane til langt på natt. Hobson hadde planlagt at underteikninga skulle finna stad 7. februar, men alt neste morgon var 45 av høvdingane klare til å signera, og Hobson fekk snøgt ordna at dette vart gjort.William Colenso. (1890). The Authentic and Genuine History of the Signing of the Treaty of Waitangi. Wellington: Government Printer.

Hobson var den første av dei britiske underteiknarane. Av dei kring 40 maorihøvdingane, var iwien Ngā Puhi sin rangatira (høvding) Hone Heke den første som signerte traktaten. For å forsterka verdien til traktaten vart det laga åtte andre kopiar som vart sende rundt i landet for å få fleire underteikningar: Manukau-Kawhia kopien, Waikato-Manukau-kopien, Tauranga-kopien, Bay of Plenty-kopien, Herald-Bunbury-kopien, Henry Williams sin kopi, East Coast-kopien og Den Prenta kopien.

Frå februar til september 1840 vart det halde omkring 50 møte for å drøfta og signera traktatkopiane, og om lag 500 nye underskrifter vart lagde til. Ei rekkje høvdingar og fleire stammegrupper nekta å skriva under, mellom dei Tuhoe, Te Arawa og Ngāti Tuwharetoa. Nyleg (i 2007) antyda maoriakademikaren Brent Kerehona at, trass påstandane til tidlegare og noverande historikarar, at høvdingen Moka 'Kainga-mataa' hadde underteikna traktaten i Waitangi den 6. februar, var dette ikkje tilfelle, han hadde nekta i protest.Brent Kerehona. (2007). Born for War: New Zealand's Military History - A Family Perspective. (Utkast). Somme fekk heller ikkje høve til å signera. Ikkje desto mindre erklærte guvernør Hobson den 21. mai 1840 suverenitet over heile landet, og New Zealand vart oppretta som ein koloni skild frå New South Wales den 16. november 1840.

Årsdagen for underteikninga av traktaten er no ein offentleg høgtidsdag på New Zealand, Waitangi Day, den 6. februar. Den første offisielle Waitangidagen kom først i 1947, sjølv om det hadde vore nokre markeringar før den tid. Dagen vart offentleg høgtidsdag i 1974. Markeringane av dagen har ofte vorte fokus for protestar frå maoriane. Årsdagen vert offisielt markert i Treaty house (Traktathuset) i Waitangi, der traktaten først vart underteikna.

Seinare historie venstre|mini|200px|Ein av underskrivarane, Hone Heke, med kona si, HariataI 1841 vart Waitangitraktaten så vidt berga då kontora til koloniministeriet i Auckland vart øydelagde av brann. Då hovudstaden vart flytta, vart traktatdokumenta bundne saman og plasserte i ein safe på Kolonisekretariatet sitt kontor i Auckland og seinare i Wellington. Dokumenta låg urørde til 1865, då det vart laga ei liste over underteiknarane.

I 1877 vart den engelskspråklege kladden til traktatutkastet publisert saman med fotolitografiske faksimilar av traktaten, og originalane vart lagde attende til lagring. I 1908 fann Dr. Hocken traktaten i dårleg forfatning, eten på av gnagarar. Dokumenta vart restaurerte av Dominion Museum i 1913.

I februar 1940 vart traktaten teken til Waitangi for framsyning i Treaty house i samband med eit hundre års feiringa av New Zealand — dette var truleg den første gongen traktaten vart vist fram offentleg sidan han vart signert.

Etter utbrotet av krigen mot Japan vart traktaten plassert saman med andre regjeringsdokument i ein stor metallkoffert og plassert i dei offentlege administrasjonskontora (Public Trustee) i Palmerston North av det lokale parlamentsmedlemmet der. Han fortalde ikkje staben sin kva som var i kofferten. Ettersom kofferten var for stor til å få plass i safen, vart Waitangitraktaten under heile krigstida liggjande i ein sidekorridor i kontorbygningen.

I 1956 plasserte Innanriksdepartementet traktaten hjå biblioteket Alexander Turnbull Library, og han vart tilslutt utstilt i 1961. Fleire åtgjerder for å bevara dokumenta vart tekne i 1966, og utstillingstilhøva vart betra. Frå 1977 til 1980 utførte biblioteket ei omfattande restaurering av dokumenta før traktaten vart plassert i Reserve Bank.

I påvente av ei avgjerd om å stilla ut Waitangitraktaten i 1990 (til 150-års minnet om underteikninga), vart det utført full dokumentasjon og reproduksjonsfotografering. Fleire års planlegging enda med opning av «konstitusjonsrommet» (Constitution Room) i det dåverande nasjonalarkivet ved Statsministeren i november 1990. Dokumenta er no permanent utstilte i konstitusjonsrommet i Riksarkivet (Archives New Zealand) sitt hovudkvarter i Wellington. Den 12. juni 2012 vart det kunngjort at dei ni dokumenta med Waitangitraktaten skulle flyttast til Nasjonalbiblioteket på New Zealand i 2013.

Tyding og tolking Traktaten sjølv er kort, han består berre av tre artiklar: Artikkel 1 i den engelske versjonen gjev den britiske monarken (på den tida dronning Victoria) suverenitet over New Zealand. Artikkel 2 garanterer maorihøvdingane full «eksklusiv og urørt eigarskap over landa deira, skogane, fiskeria og annan eigedom». Der vert det òg stadfesta at maoriane berre skal selja land til den britiske krona. Artikkel 3 garanterer alle maoriar dei same rettane som alle andre britiske undersåttar.

Versjonane på engelsk og maori er ikkje like. Dette har gjort det vanskeleg å semjast om tydingane i traktaten, noko som held fram med å underminera han. Dei mest kritiske skilnadane har krinsa om tydinga av tre maoriord: Kāwanatanga (bokstaveleg overherredøme) som er avstått til dronninga i den første artikkelen, Rangatiratanga (bokstaveleg høvdingskap) som er tillagt høvdingane i den andre artikkelen, og Taonga (kostelege ting, skattar eller eignelutar), som høvdingane er garanterte eigarskap til og kontroll med, også i den andre artikkelen. Få maoriar hadde særleg forståing av korkje «suverenitet» eller «overherredøme», og tanken om å verta styrte frå den andre sida av havet, var heilt framand for dei. Somme akademikarar, som til dømes Moana Jackson, reiser spørsmål om maoriane hadde full forståing av at dei gav frå seg sjølvstendet sitt til den britiske krona.