«Sweet Little Sixteen» er ein rock and roll-song skriven og spelt inn av Chuck Berry, som gav han ut på singel i januar 1958. Han nådde 2. plass på den amerikanske Billboardlista, den høgaste plasseringa Berry nådde bortsett frå «My Ding-A-Ling» som gjekk heilt til topps i 1972. «Sweet Little Sixteen» gjekk òg til topps på R&B Best Sellers-lista.

Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 272. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene i 2003. På den oppdaterte lista i 2010 låg han på 277. plass.

Teamet i songen er rock and roll og ei særskild jente, som akkurat har fylt seksten år og er svært oppteken av rock and roll-artistar. Songen omtalar bursdagen hennar og korleis ho ber foreldra sine om å late ho få gå på ein konsert. Teksten skildrar at ho går med «tight dresses and lipstick; she's sporting high heel shoes», og vidare «tomorrow morning she'll be sweet sixteen og back in class again».

Medverkande Innspelt 29. og 30. desember 1957 Chuck Berry, vokal og gitar Lafayette Leake, piano Willie Dixon, bass Fred Below, trommer

Coverversjonar

Fleire kjende artistar har spelt songen som Jerry Lee Lewis i duett med Ringo Starr, The Animals og Ten Years After. The Beatles spelte songen på BBC radio, og John Lennon spelte seinare songen på albumet sitt Rock 'n' Roll. Han er og spelt inn av den finske gruppa The Hurriganes.

«Sweet Little Sixteen» i bluegrass I 1965 spelte bluegrassgruppa Jim & Jesse & the Virginia Boys inn Bluegrass and More Album 3, med «Sweet Little Sixteen» og sju andre Chuck Beery-komposisjonar. Dei endra fjerde line i refrenget frå «All the cats wanna dance with sweet Little Sixteen» til «All the boys wanna dance with sweet Little Sixteen». Parodien «Bluegrass Jam» er skriven av signaturen Too Rich Olson. I parodien finst korkje ein søt, liten 16-åring, «cats» eller «boys» som vil danse. I staden vil dei spele mandolin, fele og andre instrument som høyrer heime i bluegrass.

Surfin' USA The Beach Boys sin song «Surfin' USA» har praktisk talt same melodi med ny tekst som omhandlar surfing. Som hos Jim & Jesse skil han seg og frå Berry sin original ved koringa (harmoniaene). Denne songen har i seinare tid vorte kreditert til Berry/Wilson.Pegg, Bruce (2002). Brown Eyed Handsome Man. S. 162–163.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sweet Little Sixteen» frå , den 19. september 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Songar skrivne av Chuck Berry Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Chess Records-singlar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar

272 Kategori:Billy Fury-songar Kategori:The Searchers-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:The Animals-songar Kategori:The Hollies-songar Kategori:Ten Years After-songar Kategori:Eddie Cochran-songar Kategori:John Lennon-songar Kategori:Marianne Faithfull-songar Kategori:Shakin' Stevens-songar Kategori:The Trashmen-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:The Knickerbockers-songar