Nora Gulbrandsen ()http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy var ein norsk formgjevar og brukskunstnar, fødd i Kristiania (Oslo).

Utdanning Gulbrandsen var utdanna frå Statens håndverks- og kunstindustriskole. Seinare hadde ho studieopphald ved fleire porselensfabrikkar, mellom anna Sèvres.

Arbeid Formgjevaren vart hanka inn rett frå Statens håndverks- og kunstindustriskole til Porsgrunds Porselænsfabrik i 1927, og der dette ho med ei gong i gang med utforming av modellar og dekorar tiltenkt Foreningen Norsk Brukskunst si Landsutstilling i Bergen 1928. Allereie i 1929 vart ho tilsett som sjefsdesignar ved Porsgrund. Etter relativt kort tid hadde ho bytt ut det meste av dei gamle modellane ved fabrikken med sine eigne nyteikna. Ho arbeidde i eit moderne formspråk med tydelege drag av både funksjonalisme og art deco.

Gulbrandsen slutta ved Porsgrund i 1945. Frå 1946 til 1957 hadde ho eigen keramikkverkstad i Oslo. Gjenstandar derfrå er oftast merkte med Nora G. innrissa i glasuren.

Nora Gulbrandsen formgav også smykke for David-Andersen, og ho har formgjeve mellom anna tapetmønster, bokbind og tekstil. Ho utforma også ein serie vinglas for Hadeland glassverk, men denne vart ikkje sett i produksjon.

Representert ved desse samlingane Mellom anna: Kunstindustrimuseet i Oslo Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, Trondheim Vestlandske kunstindustrimuseum, Bergen Victoria and Albert Museum, London

Bakgrunnsstoff Alf Bøe - Nora Gulbrandsen på Porsgrund ISBN 82-7003-129-1 Josef Halvorsen, Kjell Egil Larsen og Harald Bache Bystrøm - «Gammelt Porsgrund» : klenodier verd å eie ISBN 82-992998-2-9 Red. Widar Halén - Art deco, funkis, Scandinavian design ISBN 82-467-0010-3 Red, Leif Østby et al. - Norsk Kunstnerleksikon

Kjelder

kategori:norske formgjevarar kategori:Kunstnarar frå Oslo