Jamalhalvøya er ei halvøy i Jamalo-Nenetsk nordvest i Sibir i Russland, som strekkjer seg om lag 700 km utover i Karahavet. Ho grensar til Bajdaratskajabukta i vest og til Obbukta i aust. På språket til dei innfødde innbyggjarane, nenetsane, tyder Jamal 'verda sin ende'.
Halvøyar er stort sett dekte av permafrost og er geologisk eit ungt landområde, mindre enn 10 000 år gammal.
Jamalhalvøya har godt bevarte tradisjonar for nomadisk reinsdyrhald. Fleire tusen nenetsar og khantar held om lag 500 000 rein.
Nokre av dei største gassfelta i Russland ligg på Jamalhalvøya. Bovanenkovskoje er eit felt som er planlagt utvikla av Gazprom i 2011–2012, noko som set reinsdyrhaldet her i fare.
Sommaren 2007 vart godt bevarte leivningar av ein 10 000 år gammal mammutkalv funne av reinsdyrgjetarar. Dyret var om lag seks månadar gammalt då det døydde.NY Times - 11. juli 2007
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «en:Yamal Peninsula» frå , den 21. september 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Halvøyar i Russland Kategori:Jamalo-Nenetsk Kategori:Karahavet