Lunner stasjon er ein jarnbanestasjon på Gjøvikbanen ved Lunner i Viken fylke. Stasjonen vart oppretta som ein betent jarnbanestasjon for ekspedering av tog, reisande og gods i 1900, to år før opninga av Gjøvikbanen i 1902. Ekspedisjonsbygget er oppført i drakestil etter teikningar av arkitekten Paul Due.
Stasjonen vart gjord ubetent i 1985, og fekk ny status som haldeplass med lastespor i 1987. Alle persontog på Gjøvikbanen i begge retningar stoppar på Lunner i dag. Stasjonen ligg 280,9 moh og 61,13 km frå Oslo S. Fylkesveg 17 i Oppland startar òg ved Lunner stasjon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lunner stasjon» frå , den 29. september 2008. Der vart desse kjeldene gjevne: Norsk Jernbaneklubb.no – Om Lunner stasjon jernbaneverket.no – Om Lunner stasjon nsb.no – Om Lunner stasjon
Bakgrunnsstoff
Kategori:Jarnbanestasjonar på Gjøvikbanen Kategori:Jarnbanestasjonar i Lunner Kategori:Kulturminne i Lunner Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1900 Kategori:1900 i Noreg