Ekstremvêret Dyre var eit ekstremvêr som råka områda frå Møre og Romsdal til Nordland 6. desember 2003 med kraftig vind. Det andre ekstremvêret på berre tre dagar og berre fire dagar seinare, den 10. desember kom ekstremvêret Edda til same områda. Ekstremvarselet som vart sendt ut gjaldt full storm frå Møre og Romsdal og i Trøndelag.

Mange hurtigbåtar og ferjer vart innstilt under stormen og hurtigbåten «Thorolf Kveldulfsøn» fekk større skadar i skroget då han vart slengt på land.

Kraftigast vind

Stasjon Middelvind (m/s) Vindkast (m/s) Sklinna fyr 33 41 Buholmråsa fyr 29 38 Nordøyan fyr 29 36 Kråkenes fyr 28 33 Obrestad 27 35 Myken 26 34 Utsira fyr 25 32

Fotnotar

Sjå òg Ekstremvêr i Noreg

Dyre Kategori:Hendingar i 2003 Kategori:2003 i Noreg