Lyngør fyrstasjon er eit fyr på ei lita øy, Kjeholmen, utanfor Tvedestrand i Agder, i nærleiken av Lyngør. Fyrbygningen er i betong med fyrtårnet bygd inntil gavlen (tverrveggen) ut mot havet.

Fyret har 3. orden linseapparat med ei lysvidde på 12,0 nautiske mil. Fyret kom i drift i 1879, samstundes med Homborsund fyrstasjon. I 1946 vart fyrbygningen utvida med eit maskinhus med generatorar og luftkompressorar for tåkelur, og det vart bygd bustad med uthus for fyrassistentar. Lyngør fyrstasjon er difor eit godt døme på ein fyrstasjon der fleire familiar hadde tilhald.

Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 2004. Tåkesignalet, ein diafon, er teke vare på, men trykktankane er fjerna, så signalet vert ikkje lenger nytta.

Fyret er eit tidleg døme på betongbygging i landet. Fleire av dei opphavlege installasjonane er intakte: fyrbygningen med bustad, maskinhus, ny og gamal oljebu, bustad for fyrassistent, uthus, tuft etter ei smie, vegar, landing i betong med to naust og ei oljekai. Fyrstasjonen ligg i nærleiken av dei verneverdige bygningane på Lyngør, og er freda etter lov om kulturminne som ein del av landskapet og bygningane på Lyngør.

Klima Det står ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt ved Lyngør fyrstasjon med synopnummer 1467. Han står 4 meter over havet og har vore i drift sidan februar 1947.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Temperatur (°C) -0,8 -1,2 1,2 4,8 10,1 14,5 16,2 15,8 12,6 9,0 4,3 1,2 7,3 Nedbør (mm) 73 45 57 43 64 50 71 91 94 118 97 66 869

Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg

Bilete

Kjelder

Norsk Fyrhistorisk Forening: Aust-Agder: Lyngør fyrstasjon

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Agder Kategori:Samferdsle i Tvedestrand Kategori:Byggverk i Tvedestrand Kategori:Kulturminne i Tvedestrand Kategori:Freda bygg i Agder Kategori:Vêrstasjonar i Noreg Kategori:Skipingar i 1879