George Harrison () var ein engelsk musikar og filmprodusent, best kjend som medlem i den britiske gruppa The Beatles.
Harrison var sologitarist i The Beatles og i løpet av den ekstremt suksessrike karrieren deira var det John Lennon og Paul McCartney som skreiv og song førstestemme på dei fleste songane, men Harrison skreiv og/eller song førstestemmen på eit fåtal songar på kvart einaste album. Av desse songane finn ein «If I Needed Someone», «Taxman», «Within You Without You», «While My Guitar Gently Weeps», «Here Comes the Sun» og «Something».
I løpet av perioden i The Beatles vart Harrison òg interessert i både indisk musikk og hinduisme og medverka sterkt til ein blømande interesse for indisk kultur i Vesten, men først og fremst skulle begge delar få viktige roller i Harrison sitt eige liv.
Harrison hadde ein ujamn, men tidvis særs suksessrik solokarriere etter at The Beatles vart oppløyst og fekk ei rekkje listetoppar med songar som «My Sweet Lord» (1970), «Give Me Love (Give Me Peace on Earth)» (1973), «All Those Years Ago» (1981) og «Got My Mind Set on You» (1987). Han organiserte òg den aller første gigantiske rock-veldigheitskonserten, The Concert for Bangladesh, som vart avvikla den 1. august 1971 og som bana veg for liknande seinare arrangement, som Live Aid. Harrison vart æra som soloartist med ein plass i Rock and Roll Hall of Fame i 2004.
Han vart, saman med dei andre medlemmene i The Beatles, tildelt MBE, Member of The Most Excellent Order of the British Empire, av dronning Elizabeth II i 1965.
Harrison medverka òg til ein del filmprosjekt som filmprodusent og danna produksjonsselskapet Handmade Films i 1979. Av filmar på dette selskapet finn ein Life of Brian, Time Bandits, Withnail og jeg og Mona Lisa. Harrison hadde òg ei cameo-rolle i filmen The Rutles, som var ein uhøgtidleg parodi på The Beatles.
Dei første åra George Harrison vart fødd i Liverpool i England. Systera hans Louise har sagt at mor deira skreiv i dagboka si at han vart fødd ti minutt etter midnatt den 25. februar, men Harrison sjølv hevda at han vart fødd den 24. februar kl 11.40 om føremiddagen. Det fulle namnet hans vert enkelte stader oppgjeve til å vere George Harold Harrison, men det er ikkje korrekt. Harrison hadde ikkje noko mellomnamn, noko som går fram av fødselsattesten hans. Harold var faren sitt namn.
Han gjekk mellom anna på Liverpool Institute for Boys i lag med Paul McCartney og i byrjinga av februar 1958 spelte Harrison sologitar i eit lokalt band som opphavleg kalla seg The Quarry Men, men som til slutt skulle verte The Beatles.
I 1959 jobba Harrison ein kort periode som elektrikarlærling ved Blacklers Stores i Liverpool. Dette medverka til at Harrison vart den i gruppa som visste mest om korleis ein koplar opp musikkutstyr. Seinare installerte han utstyr for fleirsporsinnspeling i heimen sin i Esher utanfor London, der han gjorde demoar (prøveinnspelingar) av songar for seg sjølv og The Beatles.
Harrison si rolle i The Beatles mini|Paul McCartney, George Harrison og John Lennon opptrer i 1964. Harrison, som var den yngste i The Beatles, spelte flytande, oppfinnsamt og teknisk kompetent solo- og rytmegitar og hans førebilete var Chuck Berry, Carl Perkins og Chet Atkins. Sjølv om han var ein kreativ sologitarist, var fleire av dei kjende gitarsoloane hans spelt inn etter nøyaktige instruksjonar av Paul McCartney, som òg ved enkelte høve kravde at Harrison skulle spelte nøyaktig det McCartney sjølv førestilte seg, note for note. Andre av Harrison sine soloar vart instruert og modifisert av produsenten George Martin, som òg ved fleire høve la ned veto mot Harrison sine bidrag til song og instrumentering. Martin gav fleire år seinare uttrykk for at han alltid var «for hard (rather beastly) mot George».
I løpet av Beatlemania (frå hausten 1963) då Beatles-hysteriet var på det største, vart George av media ofte karakterisert som den «den stille Beatle», basert på hans innatvendte vesen og hans tendens til ikkje å ta ordet på pressekonferansar. Han studerte situasjonar og menneske nøye og var òg den i The Beatles som var mest opptatt av finansane til gruppa og som ofte stilte spørsmål til manageren Brian Epstein om desse.
venstre|mini|George Harrison kjem til Abbey Road Studios i London i 1967.
Harrison skreiv den første songen sin, «Don’t Bother Me», i løpet av ein dag då han var sjuk i 1963, som ei øving for «å sjå om eg hadde evna til å skrive ein song», som han sa. «Don’t Bother Me» er spelt inn på The Beatles sitt andre studioalbum, With The Beatles, som kom seinare det same året. Etter dette spelte ikkje The Beatles inn fleire songar av Harrison før i 1965 då han medverka med «I Need You» og «You Like Me Too Much» til albumet Help!.
Eit vendepunkt i karrieren til Harrison kom i løpet av ein amerikansk turne i 1965, då venen David Crosby i gruppa The Byrds introduserte han for indisk klassisk musikk og arbeidet til sitarspelaren Ravi Shankar. Harrison vart snart fascinert av instrumentet og fordjupa seg i indisk musikk og vart sjølv sentral i populariseringa av sitaren spesielt, og indisk musikk generelt, i Vesten.
Gjennom sjølv å kjøpe med seg ein sitar då The Beatles vende heim etter ein turne i Asia, kom han til å verte den første vestlege popmusikaren som spelte sitar på ein poplåt – John Lennon sin «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)». Harrison tok kontakt med Shankar og sørgde mellom anna for at den indiske musikaren fekk spele på Monterey Pop Festival i juni 1967. Shankar sjølv var ikkje spesielt imponert av Harrison sitt første forsøk på sitarspel, men dei to vart vener og Harrison fekk si første formelle musikkundervisning under Shankar. mini|George Harrison syng Hare Krishna i Vrindavan i India. Eit personleg vendepunkt for Harrison kom under innspelinga av filmen Help! på Bahamas, då ein hindu gav kvart av medlemmene i The Beatles ei bok om reinkarnasjon. Harrison si interesse for indisk kultur utvida seg dermed til å omfatte hinduismen. Ei pilegrimsreise saman med kona Pattie Boyd til India, der Harrison studerte sitar, møtte fleire guruar og vitja ei rekkje heilage stader, fylte månadane mellom den aller siste Beatles-turnen og dei første forsøka på innspelinga av det banebrytande albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band.
Det kan derfor verke ironisk at det var gjennom kona, tilbake i England, at Harrison møtte Maharishi Mahesh Yogi, som introduserte alle Beatles-medlemmene, samt konene og kjærastane deira, til transcendental meditasjon. Då dei, skuffa og desillusjonerte, braut med Maharishi etter nokre månader, heldt Harrison fram søken sin etter austleg andelegheit.
Sommaren 1969 produserte han singelen «Hare Krishna Mantra», der han sjølv spelte saman med entusiastiske medlemmer av London Radha-Krishna Temple. Singelen hamna høgt på hitlistene i Storbritannia, Europa og Asia. Det same året møtte han og Beatles-kollega John Lennon A.C. Bhaktivedanta Swami Prabhupada, grunnleggaren av International Society for Krishna Consciousness (ISKCON). Etter kort tid omfamna Harrison tradisjonane i Hare Krishna-rørsla, (spesielt japa-yoga, messing med bedekrans, ein meditasjonteknikk som ikkje er helt ulik den katolske rosenkransbøna) og han vart assosiert med denne rørsla resten av livet. Medan han enno var i live, testamenterte Harrison herskapshuset Letchmore Heath nord for London til ISKCON (som omdøypte staden til Bhaktivedanta Manor). Dette utløyste spekulasjonar om at han ville testamentere store delar av formuen sin til rørsla. Medan nokre kjelder hevder at dette ikkje skjedde, finst det andre som hevder at Harrison etterlet 20 millionar britiske pund til rørsla.
mini|Paul McCartney sin Höfner-bass og George Harrison sin sologitar frå Gretsch.
Indre stridar På slutten av 1960-åra knytte Harrison eit tett venskap med gitaristen Eric Clapton og saman skreiv dei songen «Badge» som vart gjeve ut på The Cream sitt siste album i 1969. Songen vart seinare grunnlaget for Harrison sin song på The Beatles-albumet Abbey Road, «Here Comes the Sun». Harrison skreiv songen i hagen til Clapton.
Friksjonen mellom Harrison og McCartney auka merkbart under innspelinga av The Beatles sitt dobbeltalbum i 1968 og Harrison truga med å gå frå gruppa ved fleire høve. Mellom 1967 og 1969 uttrykte McCartney fleire gonger misnøye med Harrison sitt gitarspel. Som følgje av kritikken vart fleire av Beatles sine songar frå denne perioden spelt inn med anten McCartney eller med Lennon som sologitarist. Spenninga mellom Harrison og McCartney kjem til syne i fleire scener i Let It Be-dokumentaren. Forholdet mellom dei var så spent under filminga at Harrison faktisk slutta i gruppa ein kortare periode.
Låtskrivaren Harrison sine evner som låtskrivar betra seg radikalt gjennom åra. Songane hans vart gradvis møtt med større respekt frå både publikum og dei andre i The Beatles. Ved eitt høve i 1969 sa Lennon til McCartney at «George sine songar i år er omtrent like bra som våre». Uansett sa Harrison sjølv i ettertid at han alltid måtte kjempe for å få gruppa til å spele inn songane hans.
Framståande Harrison-songar frå Beatles-tida inkluderer «If I Needed Someone», «I Want to Tell You», den indisk-influerte «Love You To», den sarkastiske «Taxman» (som seinare påverka Cheap Trick sin «Taxman, Mr. Thief» og The Jam sin «Start»), den innovative, men ofte baktalte «Within You Without You», «While My Guitar Gently Weeps», som hadde ein sterk påverknad på musikken til venen hans Roy Orbison og der Clapton spelte gitarsoloen og «Piggies», som seinare tilfeldig kom til å spille ei rolle i mordsaka mot Charles Manson, noko som McCartney-songen «Helter Skelter» òg gjorde.
«Something» og «Here Comes the Sun» (begge frå albumet Abbey Road) er truleg dei mest kjende Beatles-songane hans. «Something» vert ofte trekt fram som det aller beste verket hans og har mellom anna vorte spelt av Elvis Presley og Frank Sinatra - sistnemnde skildra han som «den aller største kjærleikssongen frå dei siste femti åra». På same tid vart «Something» òg eit symbol på den manglande respekten Harrison fekk som komponist – Frank Sinatra kalla songen for sin «favorittlåt av Lennon-McCartney». Sidan The Beatles ikkje spelte inn så mange av songane hans, hadde han ei ganske stor samling av songar som venta på å verte spelt inn då The Beatles vart oppløyst.
Soloartist Etter at The Beatles vart oppløyst i 1970 gav George Harrison fleire album som vart kritikarroste kommersielle suksessar. Med mange unytta songar frå tida med The Beatles vart det første albumet hans ikkje mindre enn eit trippelalbum, som då bestod av to vanlege plater med Harrison sine songar og ei tredje plate med vokallause improviserte opptak gjort av ei rekkje musikarar. Albumet vart òg det første trippelalbumet av ein enkelartist i historia.
Albumet inkluderte listetoppen «My Sweet Lord», men Harrison vart seinare saksøkt for å ha plagiert ein The Chiffons-singel frå 1963 med namn «He's So Fine». Harrison har nekta på at det var eit medvite tjuveri, men han tapte i retten i 1976. Kjenninga bygde på at Harrison hadde brukt ein «ubevisst plagiat» av Chiffon sin melodi som basis for sin song. Krangling over skadeerstatninga trekte inn på 1990-talet, då manager Allen Klein skifta side og kjøpte Bright Tunes som hadde gjeve ut «He’s So Fine» og så held fram rettssaka mot Harrison. Saka enda med at Harrison enda opp som eigar av begge songane. Uansett er det Harrison sin «My Sweet Lord» som i åra etter framleis er mest å høyre på radio og ikkje «He’s So Fine».
Veldedigheitskonsert for Bangladesh