mini|Kulehopen Omega Centauri inneheld rundt ti millionar stjerner og har ein alder på rundt 12 milliardar år. Det er spekulert i om hopen inneheld eit middelstort svart hòl, og at han er restane etter ein dverggalakse. Kulehopar er kuleforma samlingar av stjerner. Dei kan innehalda millionvis av stjerner og òg ofte nokre av dei eldste stjernene i universet. Det var før trudd at alle stjernene i ein kulehop var av same alder, men seinare studier har vist at i alle fall kulehopen NGC 2808 har tre generasjonar av stjerner, og at òg kulehopen Omega Centauri har fleire generasjonar stjerner.«Hubble Finds Multiple Stellar 'Baby Booms' in a Globular Cluster» - Hubble-pressemelding i samband med oppdaginga av fleire generasjonar stjerner i kulehopen NGC 2808. Desse kan likevel vera rester etter dverggalaksar som har blitt slukt av Mjølkevegen.

I Mjølkevegen finst det over 200 kulehopar.«Astronomers Find Suspected Medium-Size Black Hole in Omega Centauri» - Hubble-pressemelding i samband med ei mogleg oppdaging av eit middelstort svart hòl i stjernehopen Omega Centauri.

Sjå òg

blå etternølar

Kjelder

Kategori:Stjernehopar