mini|Hubble-bilete av Ròte egg-tåka Ròte egg-tåka eller Kalebasståka (teknisk namn: OH231.8+4.2) er ei protoplanetarisk tåka som ligg rundt 5000 lysår unna jorda i stjernebiletet Akterstamnen.«PIA04228: Rotten Egg Nebula» - Biletteksten til eit Hubble-bilete av tåka hos NASA Photojournal. Tåka er kring 1,4 lysår lang.
Førstnemnde namn kjem av at tåka inneheld mykje svovel som kan lukta som ròte egg på jorda. Kalebassnamnet viser til den uvanleg forma hennar.
Mykje av gassutstrøymingane som no er observerte ser ut til å stamma frå ein nyleg akselerasjon som skjedde for 800 år sidan. Astronomar trur at Ròte egg-tåka vil vera ei fult utvikla planetarisk tåka om 1000 år.
Gassen i Ròte egg-tåka strøymer utover med snøggleikar på opp mot 1,5 millionar kilometer i timen.
Kjelder
Kategori:Protoplanetariske tåker Kategori:Akterstamnen