Beatles for Sale er det fjerde albumet til The Beatles. Det kom ut seint i 1964 og vart produsert i George Martin for Parlophone. Albumet synte eit lite vendepunkt i korleis Lennon og McCartney skreiv tekstar, og særleg Lennon viste ei interesse for å skrive songar som var meir sjølvbiografiske. «I’m a Loser» er første song som viser at Lennon var inspirert av Bob DylanMark Lewisohn – Complete Beatles Chronicle, s.168, som Beatles møtte i New York i august 1964.Paul McCartney – Many Years From Now av Barry Miles

I USA vart songane på Beatles for Sale først gjeve ut på albuma Beatles ’65 og Beatles VI.

Oversyn Berre seks dagar etter at Beatles hadde vore i studio for å gjere ferdig A Hard Day’s Night, kom gruppa tilbake til studio og starta på Beatles for Sale. Før innspelinga starta for fullt reiste bandet til Australia og New Zealand, og spelte konsertar i Nederland, Danmark og Sverige. Dei gjorde også fleire opptrede på fjernsyn, radio og konsertar i Storbritannia. Denne hektiske perioden med konsertar og reklamering for tidlegare plater gjorde at bandet fekk mindre tid til låtskriving og albumet inneheldt derfor fleire coverversjonar etter at A Hard Day’s Night berre hadde inneheldt originale songar. Likevel fekk dei tid til å spele inn singelen «I Feel Fine» og B-sida «She’s a Woman» (ingen av dei på albumet). Det er ein sterk country-påverknad på songar som «I Don’t Want to Spoil the Party» og «I’m a Loser».

Då Beatles for Sale vart spelt inn hadde Beatlemania akkurat nådd eit høgdepunkt, tidleg i 1964. Innspelinga starta 11. august, berre ein månad etter A Hard Day’s Night kom ut. Mykje av albumet vart spelt inn på «fridagar» frå konsertar i Storbritannia, og det meste av låtskrivinga vart gjort i studio. Det meste av albumet vart spelt inn i løpet av tre veker frå 29. september og framover. Produsenten George Martin har fortalt at bandet var særs slitne under innspelinga etter alt oppstyret som hadde vore gjennom heile 1964 og store delar av 1963.

Albumet måtte ut før jul, og slitne som dei var, klarte ikkje Lennon/McCartney å skrive nok songar i tide. Bandet måtte difor ty til coverversjonar. Albumet inneheld seks coverversjonar, like mange som på debutalbumet. Tre av coversongane vart spelte inn på totalt fem forsøk under ei innspeling den 18. oktober. Åtte av songane var orignale Lennon- og McCartney-songar. Innspelinga av albumet var ferdig 18. oktober og det var ferdig miksa 4. november. Nøyaktig ein månad seinare vart albumet gjeve ut.

Utgjeving Beatles for Sale vart gjeve ut i Storbritannia den 4. desember 1964. 12. desember gjekk han inn på albumlista og vart liggande der i 46 veker. Ei veke etter han kom inn slo han A Hard Day’s Night ned frå førsteplassen. Den noko endra amerikanske utgåva, Beatles ’65, nådde førsteplassen i USA.

26. februar 1987 vart Beatles for Sale offisielt gjeve ut på CD, og albumet gjekk då inn på albumlista i Storbritannia igjen for to veker.

Innhald

Medverkande I følgje Ian MacDonald:

The Beatles John Lennon – solo-, harmoni- og korvokal; akustisk gitar og rytmegitar; munnspel; tamburin, klapping Paul McCartney – solo-, harmoni- og korvokal; bass og akustisk gitar; piano, Hammondorgel; klapping George Harrison – harmoni- og korvokal; sologitar (6- og 12-strengs) og akustisk gitar; afrikansk tromme, klapping; solovokal på «Everybody's Trying to Be My Baby» Ringo Starr – trommer, tamburin, maracas, pauker, kubjølle, pappøskje, bongotromme; solovokal på «Honey Don't»

Andre musikarar George Martin – piano og produsent

John, Paul og Martin spelte same pianoet på «Rock and Roll Music».

Salslister og salstrofé

Salslister

Liste (1964–65)PlasseringAustralia (Kent Music Report)1Liste (1987)PlasseringUK Albums Chart45Liste (2009)PlasseringUK Albums Chart56

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beatles for Sale» frå , den 5. oktober 2008. oppgav desse kjeldene: Miles, Barry. The Beatles: A Diary. Omnibus Press, 2002 ISBN 0-7119-6315-0 Badman, Keith. The Beatles Off The Record. Omnibus Press. ISBN 0-7119-7985-5. The Beatles Anthology. Chronicle Books, 2000. "beatles-discography.com - UK albums" "beatles-discography.com - US albums" "The Beatles Ultimate Experience" Stephen Thomas Erlewine. Beatles for Sale . Mark Lewisohn. The Complete Beatles Recording Sessions: The Official Story of the Abbey Road years 1962-1970. Hamlyn, 1988. Noyer, Paul Du. "The Beatles A Hard Day's Night" Rowley, David (2002). Beatles for Sale. Mainstream Publishing. ISBN 1-84018-567-8.

Bakgrunnsstoff Beatles kommenterer kvar song Innspelingsinformasjon

Kategori:The Beatles-album Kategori:Musikkalbum frå 1964 Kategori:Musikkalbum produserte av George Martin Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Plateomslag av Robert Freeman Kategori:Parlophone-album Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i USA