Vibberodden fyrstasjon er eit fyr som ligg ved Rekefjord ved innseglinga til Eigersund.
Fyret vart bygd i 1855, lik etter at Eigerøy fyr stod ferdig i 1854. Dei to fyra fungerer i samspel der Eigerøy fyr fungerer som kystfyr og Vibberodden fyr fungerer som innseglingsfyr. Sjølve fyrlykta var bygd inn i mønet på fyrbygningen. Stasjonen vart betjent av ein fyrfamilie fram til fyret vart automatisert og avfolka i 1977. Det vart då bygd eit lyktehus på ei søyle føre den gamle fyrbygningen. Etter den tid har fyrbygningane vorte nytta som klubbhus for dykkarar i Eigersund
Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg
Kjelder
Kategori:Fyr i Rogaland Kategori:Byggverk i Eigersund Kategori:Samferdsle i Eigersund