Sula fyrstasjon er eit fyr som ligg ved fiskeværet Sula i Frøya kommune i Trøndelag.
Fyrstasjonen er ein del av ei rekkje fyrstasjonar langs Trøndelagskysten i lag med Vingleia, Finnvær og Halten fyrstasjon. Det vart bygd to fyrtårn her i 1793 og 1804. Det noverande åttekanta tårnet i betong vart ført opp i 1909. Det vart då sett inn ei 2. ordens fransk lynblinklinse som framleis er i bruk.
I tillegg til fyrtårnet finst bustad, uthus, naust og landing. Fyret vart automatisert i 1974. Hausten 2005 vart fyret kjøpt av stiftinga Sula Fyr, som har restaurert stasjonen og leiger fyrbustaden ut til overnattingsgjester.
Klima Meteorologisk institutt hadde ein vêrstasjon på Sula fyr frå desember 1932 til desember 1974. Denne vart flytta eit stykke bort frå fyret i 1975 og ligg i dag 5 meter over havet.
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Temperatur (°C) 1,5 1,5 2,5 4,5 8,5 10,8 12,3 12,7 10,4 7,9 4,3 2,5 6,6 Nedbør (mm) 119 100 102 71 52 61 76 83 129 141 126 140 1200
Sjå òg Fyr i Noreg
Kjelder
Kategori:Fyr i Frøya Kategori:Freda bygg i Trøndelag Kategori:Vêrstasjonar i Noreg Kategori:Kulturminne i Frøya