Kjeungskjær fyrstasjon er eit fyr som ligg i Bjugnfjorden i Ørland kommune i Trøndelag.

mini|venstre|Kjeungskjær fyrstasjon Den 20,6 meter høge fyrbygningen er åttekanta og står på eit lite skjer utanfor Ørlandet. Fyret er bygd i 1880, men vart gjort høgare i 1906 med lykta plassert på taket. Naustbygningen er bygd tett inntil tårnet. Bustaden på stasjonen er ein del av sjølve fyrtårnet. Det opphavlege franske linseapparatet er framleis i bruk. Kjerungskjær vart automatisert og avfolka i 1987.

Området som fyrstasjonen ligg i er fuglelivsfreda etter lov om naturvern. Som ein særs særprega fyrstasjon er fyret freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg Fyr i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Trøndelag Kategori:Samferdsle i Ørland Kategori:Byggverk i Ørland Kategori:Kulturminne i Ørland Kategori:Freda bygg i Trøndelag Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1880 Kategori:1880 i Noreg