Ufa (russisk Уфа, basjkirsk Ҡариҙел, Qaridhel) er ei elv i Tsjeljabinsk oblast, Sverdlovsk oblast og Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Belaja frå høgre i nedslagsfeltet til Volga.
Ho er 918 km lang med eit nedslagsfelt på .
Ho spring ut frå innsjøen Ufimskojeved Uraltauryggen i Uralfjella. Ho startar som ei fjellelv og renn i ein trong dal. I den midtre delen er det fleire stryk, medan den nedre delen er rolegare og svingete.
mini|300px|venstre|Ufa om hausten Elva har ei middelvassføring på 388 m³/s, men på det meste har det vorte målt 3740 m³/s og på det minste 55 m³/s.
Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i desember og vert isfri att i april eller tidleg i mai. Palovskaja vasskraftverk ligg ved elva.
Ved munningen av elva ligg byen Ufa.
Sideelvar Aj Serga Jurjuzan Tiuj Simka Sjarovarka
Busetnader Krasnoufimsk Sarana Sargaja Mullakajevo Karaidel Pavlovka Ufa Tsjandar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Уфа (река)» frå , den 17. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Basjkortostan Kategori:Elvar i Sverdlovsk oblast Kategori:Elvar i Tsjeljabinsk oblast