Sim (russisk Сим) er ei elv i Tsjeljabinsk oblast og Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Belaja frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Elva er 239 km lang med eit nedslagsfelt på .

Elva spring ut frå dei sørlege Uralfjella og renn frå der først nord-nordvestover mot byane Sim og Minjar, før ho snur vestover og så sørvestover. Etter å ha passert byen Asja kryssar Sim grensa til Basjkortostan og renn vidare sørvestover til ho munnar ut i Belaja.

Dei største sideelvane hennar er Inzer, Minjarka, Asja og Lemeza.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Sim (elv)» frå , den 19. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Basjkortostan Kategori:Elvar i Tsjeljabinsk oblast