Gus (russisk Гусь) er ei elv i Rjazan Vladimir oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre.

Elva er 146 km lang og spring ut i nærleiken av landsbyen Arsamaki i Vladimir oblast 127 meter over havet og munnar ut i ein liten innsjø i Oka i Kaismovskogo rajon i Rjazan oblast, 83 meter over havet.

Elva flyt hovudsakleg gjennom skogkledde område. Breidda varierer frå 5 til 10 meter, men i enkelte svingar vert ho opp mot 20 meter brei. Djupna varierer frå 1 til 1,4 meter. Breidda er dekt av gras, buskar og tre.

Gus frys til i november og er islagd til april.

Dei største sideelvane hennar er Nasmur, Dandur, Sentur, Pynsur, Ninor og Kolp.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Гусь (река)» frå , den 22. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Vladimir oblast Kategori:Elvar i Rjazan oblast