Aalst (fransk Alost) er ein by og kommune ved elva Dender i Belgia, 30 km nordvest for Brussel. Han ligg i Flandern, i provinsen Aust-Flandern. Kommunen består av sjølve byen Aalst, og landsbyane Baardegem, Erembodegem, Gijzegem, Herdersem, Hofstade, Meldert, Moorsel og Nieuwerkerken-Aalst. Byen har framleis ein feide med Dendermonde, som ligg litt lenger nord langs same elva, som går tilbake til mellomalderen.
Historie Aalst vart først nemnd i skriftlege kjelder på 800-talet, då han vart skildra som villa Alost, under Abbeden av Lobbes. I mellomalderen voks byen som eit strategisk punkt der vegen frå Brugge til Köln kryssa Dender. På 1000-talet vart Aalst overført frå pagusen av Brabant til Grevskapet Flandern. Sidan han låg ved grensa til Det tysk-romerske riket hadde han likevel ein viss grad av sjølvstende. Forholdet til Brabant er best bevart i det kvite og raude byvåpenet til byen, som var fargane til Lotharingia.
mini|venstre|Kyrkja i Béguinage i Aalst
Bygginga av rådhuset starta på midten av 1100-talet. Aalst. Encyclopædia Britannica. 17 des. 2006 . Det er det eldste rådhuset som finst i Belgia i dag. Fleire manuskript frå denne perioden ligg framleis i byarkivet. Rådhuset, og byen sjølv, vart nesten heilt øydelagd av brann i 1360. Byen vart raskt bygd opp att og eit nytt klokketårn i gotisk stil vart bygd på 1400-talet. Dette var ei tid med stor velstand i byen, som var dominert av det mektige lauget til vevarane. På denne tida vart òg Dirk Martens frå byen den første boktrykkaren i Dei spanske Nederlanda og opna eit trykkeri i 1473 som gav ut bøker av forskjellige forfattarar, mellom anna Kristoffer Columbus. Martens vart seinare ein professor ved Det katolske universitetet i Louvain.
Aalst vart hardt råka av åttiårskrigen (1568-1648). Han vart seinare erobra av Frankrike i Devolusjonskrigen i 1667, og dei hadde byen og resten av Dei spanske Nederlanda til godt ut på 1700-talet. Under franskmennene blømde den tekstilbaserte industrien. 1800-talet var prega av samfunnskriser skapt av den industrielle revolusjonen og Fader Adolf Daens og partiet hans, Christene Volkspartij, dukka opp for å forsvare rettane til arbeidarane. Aalst var okkupert av tyskarane under begge verdskrigane på 1900-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aalst» frå , den 26. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Aust-Flandern Kategori:Byar i Belgia