mini|Eit halloweenkort frå 1904 viser ei jente med halloween-symbolet jack o'lantern og spegel til å spå om den framtidige ektemaken sin. Helgemessaftan eller allehelgensaften, i nyare tid betre kjent som halloween etter engelsk, er natta før allehelgensdag. Halloween har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for seg døden og skumle idear i form av utkleding og pynt. Halloween blir som regel feira 31. oktober. Ho er blitt ei viktig feiring særleg i visse engelskspråklege land, som Canada, USA, Storbritannia, Irland og New Zealand, og har til ei viss grad også spreidd seg til andre land.

mini|venstre|Eit barn utkledt som skjelett, med veske til å samla godteri oppi, under halloween i Michigan i 1979.

Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, attergangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween. Særleg i USA er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri, ein skikk som også har spreidd seg til andre land. Ein kan også brenna bål, dukka hovud etter eple, vitja skremmande attraksjonar eller sjå skumle filmar.

Helsinga når ein går utkledd og ber om gåver er «trick or treat», på norsk omsett til ‘knask eller knep’. Spørsmåla truger med at det kan bli gjort gapstrekar mot folk som ikkje gjev frå seg noko, sjølv om det mange stader er uvanleg å faktisk gjera gapstrekar.

Ordsoge mini|Ordet «halloween» opptrer i tittelen til Robert Burns sitt dikt «Halloween» frå 1785. Ordet «Halloween» eller «Hallowe’en» kan tidfestast skriftleg til rundt 1745. Det er av kriste opphav,The A to Z of Anglicanism (Colin Buchanan), Scarecrow Press, p. 8 og tyder ‘heilagmenne-aftan’, d.v.s. helgemessaftan. Ordet er avleitt frå det skotske uttrykket for All Hallows’ Eve, dagen før allehelgensdag. På skotsk er ordet for eve (aftan) even, og samantrekt blir det e’en eller een. Over tid blei (All) Hallow(s) E(v)en forkorta til Hallowe’en. Sjølv om uttrykket All Hallows er funne i gammalengelsk er ikkje All Hallows’ Eve stadfesta før rundt 1556.

Andre namn på halloween i England er punkie night, snap apple night og nut-cracker night.

Historie Høgtida er den første av ei tre dagar lang feiring av helgenar og sjeler, følgd av allehelgensdag (eller helgemesse) og alle sjelers dag. I kyrkjeåret er dette tida då ein kjem i hug dei avdøde, medrekna helgenar og martyrar.Don't Know Much About Mythology: Everything You Need to Know About the Greatest Stories in Human History but Never Learned (Davis), HarperCollins, p. 231 Det er ei utbreidd oppfatning at mange halloweentradisjonar har opphav i keltiske haustfestar, særlig den gæliske høgtida samhain, med heidenske røter. Andre meiner at halloween byrja som ei kristen høgtid utan tilknyting til gamle høgtider som samhain. Ifølge engelsk tradisjon feirar ein halloween om kvelden den 31. oktober, dagen før 1. november, som helgemessa er lagd fast til. Helgemesse, og dermed kvelden før henne, er derimot ein bevegeleg heilagdag i den norske kyrkja.

Keltiske tradisjonar venstre|mini|Irsk halloweenmaske frå tidleg på 1900-talet ved Museum of Country Life. Moderne halloweenskikkar er rekna for å ha blitt påverka av keltiske folketradisjonar, som i nokre høve kan ha hatt heidenske røter.Anglo-Saxon Spirituality: Selected Writings (Robert Boenig), Paulist Press, p. 7 Historikaren Nicholas Rogers nemner at medan ein del folkeminneforskarar har knytt høgtida til dei romerske festivalane for Pomona, gudinna for frukter og frø, eller parentalia, festivalen for dei avdøde forfedrane, er han meir typisk knytt til den keltiske høgtida samhain, som er avleidd for de gammalirske for 'sommarslutt'.

Samhain var den første og viktigaste av fire kvartaldagane i den gæliske kalenderen i mellomalderen, og blei markert på Irland, Skottland og Isle of Man.A Pocket Guide To Superstitions of the British Isles (Publisher: Penguin Books Ltd; Reprint edition: 4. november 2004) All Hallows' Eve BBC. Henta 31. oktober 2011. For keltarane byrja dagen ved solnedgang, slik at høgtida opphavleg byrja kvelden før 7. november i moderne kalendrar (halvvegs mellom haustjamdøgn og vintersolkverv).Ó hÓgáin, Dáithí. Myth, Legend & Romance: An encyclopaedia of the Irish folk tradition. Prentice Hall Press, 1991. s. 402 Samhain og walisisk calan gaeaf er nemnde i noko av den eldste irske og walisiske litteraturen. Namna har blitt brukte av historikarar for å visa til keltiske halloweenskikkar opp til 1800-talet,Hutton, Ronald. The Stations of the Sun: A History of the Ritual Year in Britain. Oxford University Press, 1996. s. 365–369 og er framleis dei gæliske og walisiske namna for halloween.

mini|Snap-Apple Night, måla av Daniel Maclise i 1833, viser folk som fester og speler spådomsspel under halloween på Irland.

Samhain/Calan Gaeaf markerte slutten på innhaustinga og byrjinga på vinteren eller den «mørke halvdelen» av året.Monaghan, Patricia. The Encyclopedia of Celtic Mythology and Folklore. Infobase Publishing, 2004. s. 407Hutton, s. 361 På same måte som beltane/calan mai var det ei overgangstid der grensa mellom denne verda og den andre blei tynnare. Dette tydde at dei overjordiske (Aos Sí) lettare kunne koma inn i denne verda og var meir aktive.Monaghan, s. 41O'Halpin, Andy. Ireland: An Oxford Archaeological Guide. Oxford University Press, 2006. s. 236 Trua på at sjelene til dei døde vende heim denne eine natta i året og måtte blidgjerast ser ut til å ha gammalt opphav og går att i mange kulturar over heile verda.Miles, Clement A. (1912). Christmas in Ritual and Tradition. Chapter 7: All Hallow Tide to Martinmas . Under samhain rekna ein med at ein måtte blidgjera Aos Sí for å sikra at folk og dyr overlevde vinteren. Ein ofra mat og drikke, eller delar av avlinga, utandørs for dei.Danaher, Kevin (1972). The Year in Ireland: Irish Calendar Customs. s. 200Evans-Wentz, Walter (1911). The Fairy-Faith in Celtic Countries. s. 44.McNeill, F. Marian (1961). The Silver Bough, Volume 3. s. 34. Sjelene til dei døde skulle også vitja heimane sine på leit etter gjestfriheit under høgtida."Halloween". Britannica Concise Encyclopedia. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2009. Credo Reference. Web. 21 September 2012. Ein kunne dekkja opp til dei ved middagsbordet eller ved peisen for å ønska dei velkomen.McNeill, The Silver Bough, Volume 3, s. 11–46

I heile Irland og Storbritannia fanst det heimslege skikkar av ritual og leikar ein kunne bruka til å spå om framtida si, særleg når det gjaldt død og ekteskap.Hutton, s. 380 Eple og nøtter blei ofte brukt i desse spådomsrituala. Dei omfatta eplehenting, nøttesteiking, spegelkikking, helling av bly eller eggekvite i vatn, draumetolking og liknande.Danaher, Kevin. «Irish Folk Tradition and the Celtic Calendar». I The Celtic Consciousness, red. Robert O'Driscoll. New York: Braziller, 1981. pp. 218–227 Ein tende særskilde bål som det var knytte ulike ritual til. Flammane, røyken og oska var rekna for å ha særskild vernande og reinskande kraft, og blei også brukt til å spå med. Nokre stader tende ein faklar med båla og bar dei med sola rundt heimar og åkrar for å verna dei.

venstre|mini|Tradisjonell irsk halloween-lanterne av ei utskoren kålrot ved Museum of Country Life på Irland. Frå 1500-talet, om ikkje før,McNeill, F. Marian. Hallowe'en: its origin, rites and ceremonies in the Scottish tradition. Albyn Press, 1970. s. 29–31 omfatta høgtida vitjeskikkar i Irland, Skottland, Man og Wales.Hutton, s. 379–383 Då gjekk utkledde folk frå hus til hus og framført som regel vers eller songar i bytte mot mat. Skikken kan ha opphav i å framstilla Aos Sí, eller sjelene til dei døde, med gåver tekne imot på deira vegner som eit vern mot makta deira.Hole, Christina. British Folk Customs. Hutchinson, 1976. s. 91 I Skottland gjekk ungdommar frå hus til hus med masker, måla eller sverta fjest, og truga ofte med å gjera peik om dei ikkje var velkomne. Andre stader i Europa kunne ein ha liknande skikkar knytte til andre årstidsfeiringar, som jul.

Ofte kunne vitjarane bruka uthola grønsaker som lanterner, ofte med utskorne groteske fjes. Desse var vanlege i delar av Irland og Dei skotske høglanda til 1800-talet. Dei var også kjende frå Somerset i England, der ein feira Punkie Night. På 1900-talet spreidde dei seg til andre delar av England og blei kjende som jack-o'-lanterns.

Kristen påverknad Ein reknar også med at halloweenskikkar er blitt påverka av kristen lære og praksis. Sidan oldkyrkjaNew Proclamation Commentary on Feasts, Holy Days, and Other Celebrations (Bill Doggett, Gordon W. Lathrop), Fortress Press, s. 92 har kristne markert viktige høgtider (som påske, jul og pinse) med vigilier kvelden før. Dette gjaldt også allehelgensdag.Hallowe'en, A Christian Name with Blended Christian & Folk Traditions (Thomas L. Weitzel), Evangelical Lutheran Church in America På dei tre dagane allehelgensaftan, allehelgensdag og allesjelersdag kunne ein be for sjelene til alle dei avdøde. Det blei nødvendig med ein felles dag for helgenar etterkvart som det blei fleire av dei, særleg etter kristenforfølgingane under keisar Diokletian. Fleire kyrkjer heldt minnedagar for alle helgenar på ulike datoar, som regel om våren. I 609 ominnvigde pave Bonifatius IV Pantheon i Roma til «Maria og alle martyrane» den 13. mai. Dette var same dato som lemuria, ei romersk høgtid for dei døde, og den same datoen ein minna alle helgenane i Edessa på tida til Efrem syraren.