Viga (russisk Ви́га) er ei elv i Kostroma oblast i Russland og ei av sideelvane til Unzja frå høgre. Elva er 175 km lang og har eit nedslagsfelt på .

Dei største sideelvane hennar er Ida og Vokhtoma frå venstre, og Melsja og Kist frå høgre.

Viga spring ut i myrområda nør landsbyen Kurjanovo, sør for Tsjukhlomy. Viga renn gjennom eit flatt terreng med blandingsskog langs breiddene. Viga er kjend for å bli særs stor under vårflaumen.

Viga munnar ut i Unzja i eit aude skogområde nær grensa til Vologda oblast.

Ved elva ligg den større landsbyen Sudan. Fram til tidleg på 1990-talet vart elva nytta til tømmerfløyting.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Вига» frå , den 28. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Kostroma oblast