Tumen eller Tuman (russisk Туманная, Tumannaja) er ei 521 km lang elv som renn langs delar av grensa mellom Kina, Nord-Korea og Russland. Ho spring ut frå fjellet Baekdu og munnar ut i Japanhavet

Elvar ligg nordaust i Asia. Den øvre delen av elva renn langs grensa mellom Kina og Nord-Korea, medan den 17 km av ho renn mellom Nord-Korea og Russland dei siste 17 kilometrane før ho munnar ut i Japanhavet. Elva dannar mykje av den sørlege grensa av provinsen Jilin i Mandsjuria og den nordlege grensa av provinsane Nord-Hamgyong og Yanggang i Nord-Korea. Baekdu på grensa mellom Kina og Nord-Korea er kjelda til elva Onishi, Norimitsu, "Tension, Desperation: The China-North Korean Border", 22. oktober 2006., i tillegg til elva Yalu.

Namnet på elva kjem frå det mongolske ordet tümen, som tyder «ti tusen». Elva er kraftig forureina av nærliggande fabrikkar i Nord-Korea og Kina, men er likevel ein stor turistattraksjon i området. I Tumen i Jilin ligg det restaurantar langs elva med utsyn til Nord-Korea på andre sida. Det russiske namnet på elva er Tumannaja som tyder «tåkete».

Viktige byar langs elvar er Hoeryong, Namyang og Onsong i Nord-Korea, Tumen og Nanping i Kina.

Flyktningar Tumen har i mange år vorte nytta av flyktningar frå Nord-Korea til Kina. Dei fleste flyktningane under sveltekatastrofen på 1990-talet i Nord-Korea kryssa Tumen.

Sjølv om Tumen er tungt overvaka av armerte patruljar vert ho føretrekt føre Yalu, som er djupare og mykje breiare.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tumen River» frå , den 31. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Primorskij kraj Kategori:Elvar i Kina Kategori:Elvar i Nord-Korea