Tsjapajevka (russisk Чапа́евка), òg kalla Motsja (russisk Мо́ча) er ei elv i Samara oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 293 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 2,53 m³/s.

Elva spring ut frå vestsida av Obsjtsjij Syrt, og munnar ut i Saratov-reservoaret nær Novokujbysjevsk. Byen Tsjapajevsk ligg ved elva. Elva er farbar opp til 34 km frå munningen. Mesteparten av vassføringa kjem frå snøsmelting, og elva tørker heilt inn i dei øvre delane om sommaren. Ho er islagt frå november til april. Dei største sideelvane hennar er Petrusjka, Vetljanka og Vjazovka.

Elva vart opphavleg kalla Mótsja, men vart i 1925 omdøypt Tsjapajevka til ære for borgarkrigshelten Vasilij Tsjapajev.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tsjapajevka» frå , den 1. november 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Samara oblast Kategori:Sideelvar til Volga