Magnetanomalien i Kursk (russisk Курская магнитная аномалия - Kurskaja magnetnaja anomalija) er eit område rikt på jernmalm i Kursk, Belgorod og Voronezh oblast i Russland og utgjer ein viktig del av Den sentrale svartjordregionen. Magnetanoamlien i Kursk vert rekna som den største magnetanomalien i verda.

Magnetanomailen i Kursk (KMA) vart først oppdaga i 1733 av den russiske astronomien og akademikaren Pjotr Inokhodtsev medan han lagde kart for dei russiske styresmaktene. Området vart først undersøkt igjen i 1875 då I. N. Smirnov gjorde dei første geomagnetiske undersøkingane i den europeiske delen av Russland. I 1883 gjorde N.D. Piltsjikov 71 observasjonar i magnetanomalien. Desse viste at omfanget var langt større enn tidlegare og for første gong vart jernmalm identifisert som årsaka. I 1884 fekk Piltsjkov sølvmedalen av Den russiske geografiske foreininga for oppdaginga.

Vidare undersøkingar av det økonomiske potensialet til anomalien vart gjort under Ivan Gubkin i 1920-1925, opphavleg for å undersøke om det kunne vere olje her. Det vart oppdaga rike malmårer i regionen rundt 1931. Malmen er spreidd over eit område på 120 000 km² og består av magnetittkvartsitt i metamorfe bergartar og prekambrisk granitt. Det er estimert at det finst 25 milliardar tonn kvartsitt med 23-37 % jerninnhald og meir enn 30 milliardar tonn med 52-60 % jerninnhald. Dagbrotmetoden vert nytta til å grave ut denne malmen ved Stojlenskoje, Lebedinskoje og Mikhailovskoje. Ved Korobkovskoj vert malmen henta ut frå gruver.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kursk Magnetic Anomaly» frå , den 4. november 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Russisk geografi