Nils Einarsson Øy () er ein norsk journalist, opphavleg frå Ørsta.
Øy var redaktør i Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer frå 1984 til 1988, då han vart instituttleiar ved Institutt for Journalistikk i Fredrikstad. Dette var han fram til 1996 då han tok over som generalsekretær Norsk Redaktørforening.
Øy er dosent II i journalistikk ved Høgskulen i Volda. Han har gjeve ut mange bøker, særleg om offentlegheit, ytringsfridom og journalistfaglege spørsmål. I 2013 vart han tildelt Fritt Ords honnør for sin «utrøyttelege kamp gjennom førti år for offentlegheit, innsynsrett, redaksjonelt sjølvstende og profesjonalitet, samt for oppbygginga av eit eineståande fagarkiv på desse felta.»
Kjelder
Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør