Kvamsøy kyrkje er ei steinkyrkje frå kring 1280–1300 på den vesle Kvamsøya i Sogndal kommune i Vestland.
mini|venstre|Alteret og altertavla Fyrste gongen kyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1349, og ein veit ikkje sikkert når ho vart bygd. Dateringa til 1280–1300 byggjer på stilmessige vurderingar. I fylgje ei segn vart kyrkja reist etter ei gåve frå engelske sjøfarande som skal ha søkt livd innom øya i eit uvêr. Kyrkja var soknekyrkje i Kvamsøy sokn til Sæle kyrkje stod ferdig i 1903. No er det berre to faste gudstenester i kyrkja i året, eine i mai og hi til olsok. I tillegg kjem gravferder og eventuelt vigsler, dåp og konfirmasjonar. Kyrkja er stengd frå oktober til mai fordi ho ikkje har elektrisk oppvarming.
Kyrkja ligg i Balestrand sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Balestrand prestegjeld.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Kvamsøy kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Kvamsøy kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Bakgrunnsstoff Om Balestrand kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Sogndal Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Sogndal