+ Opplagstal Østlendingen er ei avis som kjem ut på Elverum i Innlandet.
Ho er lokalavis for Østerdalen, Solør, Glåmdalen, samt Trysil og Engerdal. Østlendingen vert gjeve ut som morgonavis seks dagar i veka. Avisa kom med sitt første nummer 5. januar 1901. Østlendingen er i dag eigd av Edda Media, som igjen er ein del av Mecom-konsernet.
Avisa er tradisjonelt ei Senterpartiavis. Konstituert redaktør er Trond Ivan Hagen, Morten Stenberg er redaktør. Avisa konkurrerer i dag med Hamar Arbeiderblad om å dekke dei sentrale og nordlege delane av fylket. I den sørlege delen av fylket har Glåmdalen størst opplag.
Bakgrunnsstoff Østlendingen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Østlendingen» frå , den 9. november 2008.
Fotnotar
Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser i Innlandet Kategori:Kultur i Elverum Kategori:Skipingar i 1901 Kategori:Edda Media