Sæle kyrkje er ei langkyrkje frå 1903 på Sæle i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane.

mini|venstre|Inni kyrkja, mot koret. Ho er teikna av arkitekt Hans Jakob Sparre medan Anders Korsvold var byggmeister. Dei same to stod òg bak Gaupne kyrkje i Luster kommune, og Sæle og Gaupne kyrkjer liknar mykje på einannan. Ei annan systerkyrkje er Stemshaug kyrkje på Nordmøre.

Sæle kyrkje avløyste mellomalderkyrkja Kvamsøy kyrkje som soknekyrkje. Soknet høyrde fram til 1964 til Vik prestegjeld, sidan høyrde det til Balestrand prestegjeld fram til prestegjelda vart nedlagde i 2004. Sæle kyrkje høyrer saman med Kvamsøy kyrkje og Tjugum kyrkje til Balestrand sokn i Sogn prosti.

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Sæle kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Sæle kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

Bakgrunnsstoff Om Balestrand kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen

Kategori:Kyrkjer i Sogndal Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1903 Kategori:Hans Jakob Sparre Kategori:Kulturminne i Sogndal