mini|Schlesien 1905 Schlesien (polsk schlesisk Ślůnsk, tysk schlesisk Schläsing, latin Silesia, polsk Śląsk, tsjekkisk Slezsko, ungarsk Szilézia) er ein historisk region i det austlege Sentral-Europa, ved øvre og midtre delar av elva Oder. Størsteparten av området ligg no i Polen med mindre delar i Tsjekkia og Tyskland. Schlesien er særleg kjent for den velutbygde industrien og dei rike naturressursane, spesielt malm.
Namnet skriv seg truleg frå det austgermanske folket silingar, eller det vestslaviske folket ślężanarar.
Historie venstre|mini|Våpenskjold til Schlesien Før folkevandringstida var området folkesett av germanarar. Seinare busette slavarar seg i området. Schlesien kom under dei polske piastane sitt styre på 1000-talet. Dei piastiske fyrstene oppmuntra til tysk innvandring for å styrke økonomien, noko som gjorde at folkesamansettinga med tida kom til å bestå av eit tysk fleirtal.
Schlesien kom under bøhmisk overhøgd i 1335 og vart mot slutten av mellomalderen ein del av Det tysk-romerske riket. Området kom i 1526 under dei austerrikske habsburgarane. I 1742 vart Schlesien avstått til kong Fredrik den store av Preussen som følgje av den austerrikske arvefølgjekrigen og vart seinare inndelt i de prøyssiske provinsane Niederschlesien (Nedre Schlesien) og Oberschlesien (Øvre Schlesien). Hovudstaden i Schlesien var Breslau (Wrocław).
Etter første verdskrig vart Schlesien delt mellom Tyskland, Polen og Tsjekkoslovakia. Tyskland heldt Nedre Schlesien som i berre var folkesett av tyskarar. I Øvre Schlesien (polsk: Górny Śląsk) budde både tyskarar og polakkar og provinsen vart derfor delt mellom Tyskland og Polen. Det området som var kjent som Mährisk Schlesien eller Austerriksk Schlesien og som Austerrike hadde halde i 1742, tilfall Tsjekkoslovakia. Dei nasjonale kampane blant dei etniske gruppene i Øvre Schlesien varte fram til byrjinga av 1920-talet og det vart danna polske militsar som prøvde å lausrive området frå Tyskland og i sin tur tyske motmilitsar som prøvdeå hindre dette. Ved invasjonen av Polen 1939 vart den polske delen av Schlesien innlemma i Tyskland.
Mot slutten av andre verdskrig vart Schlesien okkupert av Sovjetunionen og det meste som følgje av Potsdamkonferansen innlemma i Polen, som erstatning for områda Polen måtte avstå til Sovjetunionen i aust. Under invasjonen av Schlesien gjorde den raude arméen seg skuldig i grove krigslovbrot. Den tyske sivilfolkesetnaden, som talde over 3 millionar, vart fråteke all fast eigedom og tvangsdriven vestover. Mange vart òg drepne eller deportert til sovjetiske fangeleirar.
Bortsett frå Görlitzområdet, som no er ein del av den tyske delstaten Sachsen og Těšín-området, som no ligg i Nordaust-Tsjekkia, er mesteparten av Schlesien i dag ein del av Polen.
Som følgje av den lange sameksistensen mellom tyskarar og polakkar er den schlesiske folkesetanden blanda og har både tyske og polske røter. Dette har òg påverka kulturen i Schlesien og schlesiske sjølvstenderørsler har lang tradisjon. Schlesiske autonomistar ser gjerne schlesiarane som eit eige folk, i staden for som tyskarar eller polakkar. Ved nylege folketeljingar i Polen erklærte 173 200 innbyggjarar sin nasjonalitet som schlesisk. Ruch Autonomii Śląska er eit politisk parti i Schlesien som står i den autonomistiske tradisjonen og arbeider for at området skal verte sjølvstendig i ramma av eit sameint Europa.
Schlesien er i dag hovudsakleg busett av polakkar, med tyske, tsjekkiske, ukrainske og moraviske minoritetar.
Administrativ inndeling før 1945
Frå 1818 til 1945 var Schlesien inndelt i tre provinsar: Breslau, Liegnitz og Oppeln. Frå 1818 til 1820 fanst òg provinsen Reichenbach og frå 1939 til 1945 provinsen Kattowitz.
Provinsen Nedre Schlesien, distriktet Breslau
Bykommunar
Breslau Brieg Schweidnitz Waldenburg (Schles)
Landkommunar
Breslau Brieg Frankenstein i. Schles. Glatz Groß Wartenberg Guhrau Habelschwerdt Militsch Namslau Neumarkt Oels Ohlau Reichenbach (Eulengebirge) Schweidnitz Strehlen Trebnitz Waldenburg (Schles) Wohlau
Provinsen Nedre Schlesien, distriktet Liegnitz Bykommunar
Glogau Görlitz Hirschberg i. Rsgb. Liegnitz
Landkommuner Bunzlau Fraustadt Freystadt i Niederschles. Glogau Görlitz Goldberg Grünberg i. Schles. Hirschberg i. Rsgb. Hoyerswerda Jauer Landeshut i. Schles. Lauban Liegnitz Löwenberg i. Schles. Lüben Rothenburg (Ob. Laus.) Sprottau (sete: Sagan)
Provinsen Øvre Schlesien, distriktet Kattowitz Bykommunar
Beuthen O.S. Gleiwitz Hindenburg O.S. Königshütte Kattowitz Sosnowitz
Landkommunar
Bendsburg Beuthen-Tarnowitz [sete: Tarnowitz] Bielitz Kattowitz Krenau Ilkenau Pleß Rybnik Saybusch Teschen Tost-Gleiwitz [sete: Gleiwitz]
Provinsen Øvre Schlesien, distriktet Oppeln Bykommunar
Neisse Oppeln Ratibor
Landkommunar
Blachstädt Cosel Falkenberg O.S. Groß Strehlitz Grottkau Guttentag Landkreis Kreuzburg O.S. Leobschütz Loben Neisse Neustadt O.S. Oppeln Ratibor Rosenberg O.S. Warthenau
Administrativ inndeling i dag Polen Schlesiske voivodskap
Bykommunar Bielsko-Biała Bytom Chorzów Częstochowa Dąbrowa Górnicza Gliwice Jastrzębie-Zdrój Jaworzno Katowice Mysłowice Piekary Śląskie Ruda Śląska Rybnik Siemianowice Śląskie Sosnowiec Świętochłowice Tychy Zabrze Żory
Landkommunar
Będzin Bielsko-Biała Bieruń/Lędziny Cieszyn Częstochowa Gliwice Kłobuck Lubliniec Mikołów Myszków Pszczyna Racibórz Rybnik Tarnowskie Góry Wodzisław Śląski Zawiercie Żywiec
Opole-voivodskapet Bykommuner
Opole
Landkommunar
Brzeg Głubczyce Kędzierzyn-Koźle Kluczbork Krapkowice Namysłów Nysa Olesno Opole Prudnik Strzelce Opolskie
Nederschlesiske voivodskap Bykommunar Wrocław Jelenia Góra Legnica Wałbrzych
Landkommunar
Bolesławiec Dzierżoniów Głogow Góra Jawor Jelenia Góra Kamienna Góra Kłodzko Legnica Lubań Lubin Lwówek Milicz Oleśnica Oława Polkowice Strzelin Środa Świdnica Trzebnica Wałbrzych Wołów Wrocław Zgorzelec Ząbkowice Złotoryja
Tsjekkia (Moravisk Schlesien) Landkommunar
Okres Bruntál Okres Frýdek-Místek Okres Karviná Okres Nový Jičín Okres Opava Okres Ostrava-město
Tyskland (Nedre Schlesien, i delstaten Sachsen) Byar Görlitz Hoyerswerda
Landdistrikter Niederschlesischer Oberlausitzkreis Landkreis Kamenz (nordlege del)
Bakgrunnsstoff http://www.deutsche-schutzgebiete.de/provinz_schlesien.htm (Provinz Schlesien)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Schlesien» frå , den 12. november 2008.
Kategori:Statar i Det tysk-romerske riket Kategori:Delte område Kategori:Polske historiske regionar Kategori:Austerrikske historiske regionar Kategori:Tsjekkiske historiske regionar