Knut Bjørnsen () var ein norsk sportsjournalist, forfattar og programleiar.
Liv og virke Bjørnsen var fødd i Oslo, der han voks opp på Grünerløkka i ein idrettsinteressert familie. Som ung var Bjørnsen ein lovande skøyteløpar som mellom anna vann junior-NM i 1951.«Knut Bjørnsen er død» på nrk.no, besøkt 16. november 2008
Han byrja sin journalistiske karriere som sekstenåring i bladet Sportsmannen, der han blei kjend med redaktøren Per Jorsett som han skulle ha eit omfattande samarbeid med.«Knut Bjørnsen er død» i dt.no I 1953 blei han tilsett Verdens Gang, og var der fram til han i 1961 blei tilsett i NRK. Knutsen blei verande i statskanalen i 30 år, som sportskommentator og programleiar. Knutsen kommenterte særleg meisterskap på skøyter og friidrett for radio og fjernsyn, ofte saman med Per Jorsett. For dette fekk dei to Idrettsgallaens hederspris i 2004. Bjørnsen fekk òg Norsk Lytterforenings ærespris i 1982. Som programleiar leidde Knut Bjørnsen spørjeprogrammet Kvitt eller dobbelt frå 1966 til og med 1994. I 1970 leidde han også spørjeprogrammet Avspark. Han var seinare programleiar for Lykkehjulet og Ønskebrønnen på TV3. Bjørnsen presenterte òg ulike produkt i fjernsynsreklame, som på TV-shop. Bjørnsen spelte seg sjølv i to episodar av Karl & Co på TV 2. Han var dommar i Isdans på TV 2 i 2007.
Gjennom karriera si gav Bjørnsen også ut fleire bøker innan ulike sjangrar, særleg om idrett. Han var redaktør for den offisielle boka etter OL på Lillehammer i 1994.
Bjørnsnen var gift to gonger, frå 1957 med Bjørg Agnete Johansen som døydde i 1983, og frå 1986 med Karin Löfblad. Han hadde to born frå det første ekteskapet. Dei siste åra av livet sitt var han busett i Svelvik.
Verkliste 13 år med Kuppern & Co, 1963 Skøytesportens tall 1964 (med Per Jorsett), 1964 Små stopp i stor verden, 1966 Fred A. Maier forteller til Knut Bjørnsen, 1968 Helst mot urolig vær, 1969 Skøytesportens stjerner (med Per Jorsett), 1971 Kvitt eller trøbbel. 1000 spørsmål og svar, 1988 Dans! Dans! Eventyret om norske sportsdansere, 1990 100 år på glattisen. 30 år bak mikrofonen, 1992 70 år med vinter-OL, 1993 Den offisielle boken fra de XVII Olympiske vinterleker, Lillehammer 1994, 1994 Store norske sportsbragder i 1000 år (med Per Jorsett), 1995 Jakten på "Najaden" : norsk-engelsk drama på Lyngør havn, 2002 Gylne øyeblikk, 1999 Idrettshelter fra Buskerud (red. med Per Jorsett), 2005 Bislet blues (med Kjell Kristian Rike), 2008
Kjelder
Søk etter Knut Bjørnsen som bokforfattar i Bibsys
Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Norske programleiarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Folk frå Oslo