Ølmheim kyrkje (tidlegare Norum kyrkje) ligg på Ylmeim i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane fylke, og er ei langkyrkje frå 1863.

Kyrkja vart sett opp etter teikngar av arkitekt Christian Heinrich Grosch med Ola Olson Løken som byggmeister. Ho er soknekyrkje i Norum sokn i Sogn prosti. Soknet heitte tidlegare Ylmeim (òg skrive Ølmheim).

15. januar i 1989 slo lynet ned i tårnet og det starta brenne. Brannvesenet vart varsla og kom til snøgt nok til at dei fekk sløkt brannen før heile kyrkja stod i loge. Tårnet var oppattbygd på hausten same året, og har same utforminga som tidlegare.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Norum kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Norum kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Bakgrunnsstoff Anne Marta Hoff: Norum kyrkje (i «Norges kirker») «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet

No får kyrkja attende det gamle namnet (Sogn avis, 31. oktober 2015)

Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Kyrkjer i Sogndal Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kulturminne i Sogndal Kategori:1863 i Noreg