mini|Frå Kivledalen. Kivlemøyslåttane eller Systerslåttane er ein syklus med slåttar som er knytt til segna om Kivlemøyane. Segna skriv seg frå Seljord, og det same gjer opphavspersonane til slåttane. Slåttane er grovt sett delt i grupper av tre – dei på trollstilt (A-E-A-C#), understilt (F-C-A-E), og forstemt (G-C-A-E). Syklusen er blant det eldste slåttestoffet i Noreg, og syklusen skal også ha vorte spela på langeleik like lenge som på fele.

Av desse slåttane finst det opptil 12, etter regelen spela i fast rekkefølgje i høve til kjeldene. Den mest kjende Kivlemøy-gruppa (A-E-A-C#) har tre eller fire slåttar. Systerslåttane etter Gibøen (F-C-A-E) og Petter Veum (G-C-A-E) har også tre kvar. Slåttegruppene høyrer for det meste til i telemarkstradisjon, men slåttane har mange frittståande variantar i andre distrikt.

Den viktigaste kjelda til desse slåttane har vore Øystein Langedrag og sonen hans, Leiv Sandsdalen. Sandsdalen ville helst ikkje lære dei bort, er det fortalt, og meinte at desse slåttane skulle følgje han i grava. Torkjell Haugerud fekk likevel rekonstruert slåttane på trollstilt. Ei anna line frå Øystein Langedrag gjekk gjennom Håvard Gibøen på Møsstrond, og ei anna gjennom Petter Veum på Fyresdal.

Innleiing I følge Leiv Sandsdalen, var Paal (eller Tov) Kristianson frå Seljord den fyrste som spela Kivlemøyslåttane. Kristianson skulle ha lært dei bort til Gunnar Grjotnes i Fjågesund, og Gunnar lærte dei til Øystein Langedrag, og deretter til Leiv Sandsdalen. Rikard Berge hevda i 1921 at Paal Kristianson og Gunnar Grjotnes spela «Kivlemøyane» i 7 slåttar, og allereie då peika ut om det var nokon samanheng mellom «Kivlemøyane» og «Systerslåttane».

I følgje Johannes Skar skal Peter Strømsing i Setesdal og Tov Kristianson frå Seljord ha kjend kvarandre, og begge spela rammeslåttar. Rikard Berge skriv det var fleire «Skjaldmøyslåttar» i Setesdal, og at det knapt er tvil om at dei er i slekt med «Kivlemøyane».

Usemje om rekkefølgda Rikard Berge i 1950 skriv at Knut Dahle sorterer understiltslåttane gangar lengre springar stuttare springar og at Leiv Sandsdalen sorterer trollstiltslåttane springar lokk forsteiningi. Olav Moe skreiv i 1946 at forma etter Olav Napper som han hadde etter Myllaren var sortert springaren gangaren forsteiningi.

Kivlemøyslåttane på A-E-A-C#

Kivlemøyslåttane på trollstilt er samla i ei gruppe på tre eller fire slåttar - ein gangar, ein springar, og to lydarslåttar ved namn «Lokkaren» og «Forsteininga».

Sandsdalen skulle ha ikkje vore samarbeidsvillig til å lære frå seg denne syklusen, og skal ha sagt til Ludvig Mathias Lindeman då han i 1850-60-åra skulle skrive ned slåttar – «Nei, – nemn aller på Kjivlemøyæn!» Sandsdalen skulle ha lært han bort til Ola Mosafinn i 1892, men fordi Mosafinn var kjapp til å lære slåttar, så la Sandsdalen til så mange vridne tak han kunne. Dette resulterte i at Mosafinn si form seinare vart kalla ei «uoriginal blandingsform» av Arne Bjørndal. Halvor Haugan frå Hjartdal skulle også ha spela syklusen, og Mosafinn skulle ha lært frå Haugan. Halldor Meland hadde også lært av Mosafinn, men endra etter kvart forma i samband med Kvåle si form.

Myllarguten var annonsert til ein konsert 15. januar 1849 til å spele slåttane i ein konsert i Frimurarlosjen i Kristiania. Men han kunne dei ikkje, og spela «Bordstabelen» i staden. Han skulle ha spelt «Kivlemøyane» for fyrste gong offentlig i Bergen, 15. mars 1850. Han skulle også ofte ha sett syklusen saman med «Systerslåttane» i same konsert. Rikard Berge d.e. meinte at Myllaren bygde si form av «Kivlemøyane» i 1860-70 var etter Jens Paradis, som truleg hadde dei etter ein gamal langeleikspelar frå Øyefjell.

Det var ikkje før Torkjell Haugerud tok på seg arbeidet med å rekonstruere slåttane at formene til andre vart meir uniforme. Haugerud hadde brukt fleire personar som kjelde, bl.a. Haugeruds eigne minne frå å høyre Sandsdalen, og svigerfar sin Sigurd Nes, som var god ven med Sandsdalen. Torkjell Haugerud spela inn sjølv syklusen i NRK i 1951. Olav Moe hadde også spelt inn syklusen etter Haugerud sjølv, i 1953,Norsk Folkemusikksamling:5012 og basert på breva til Moe, hevdar Asbjørn Storesund at Haugerud hadde jobba med forma til Kivlemøyane i iallfall 40 år før han spelte han inn for NRK.

Det er i hovudsak formene som Haugerud rekonstruerte og Myllarforma som gjekk gjennom Olav Napper til Høye Kvåle som er dei sentrale i dag. Kjetil Flatin hadde ei eiga form som var utforma etter Bjørn Jarandson Skinnarland som tralla dei. Skinnarland var søsterson til Leiv Sandsdalen.

6/8 gangar Dei ulike formene av gangaren har mykje likt, men Høye Kvåle si form har ei frase på grovstrengene som Haugerud-forma ikkje har. Gangaren har også kome til Johannes Dahle gjennom Gibøen (NRKM 954, Norsk Folkemusikksamling:1738). Det er også motivisk fellesskap med gangaren på understilt.

Springar Her er også Kvåle og Haugerud sine former nokså like. Hans Smeland skal ha lært han direkte etter Sandsdalen i 1889, men Smeland si form sluttar med ei rekke ristetak. Johannes Dahle si form er i Hardingfeleverket, men skal anten vere av Knut Dahle, eller etter Gibøen.

«Lokkaren» og «Forsteininga» Desse to delane av syklusen er oftast meir symbolske innlegg enn at dei har ein del motiv i felles. Høye Kvåle og Haugerud sine utformingar av desse to delane er heilt ulike, og kan skyldast Sandsdalen sin uvilje til å lære bort slåtten. Sonesonen til Leiv Sandsdalen, Johannes Glosimot, stadfester at delen ein kallar «Forsteininga» var Leiv Sandsdalen sitt eige tillegg til syklusen. Gangarmotivet i slutten av Haugerud-forma er i midten av Kvåle-forma.

«Forsteininga» har Haugerud sett saman ved å inkludere ein melodi som også heiter «Kivlemøyane» (bind 1, nr. 213) som Lindeman skreiv ned i 1851 etter Olea Crøger. Denne melodien skal ha vore med i Haugerud sin rekonstruksjon sidan minst 1910, etter ei noteoppskrift av ein folkehøgskulelærar som heitte Peder Jakobsen frå Ry i Jylland i Danmark. Forma er nokså ulik den som Haugerud spelte inn i 1951.

Systerslåttane på G-C-A-E

Linjene til denne krinsen av ein gangar og springar, gjeng også attende til Øystein Langedrag frå Seljord, som hadde lært dei bort til Petter Veum frå Fyresdal, som vidare lærte dei til Knut Heddi i Valle. I Setesdal finst det ein tredje slått til syklusen på eit anna stille.

Systerslått I Slåtten er ein gangar i 2/4-takt, som har vore nytta i Setesdal. Slåtten er for det meste spela på forstemt (G-C-A-E), men a-varianten er på A-E-A-C#. Slåtten er og kalla «Sæbyggjegangaren» eller «Langedragshalling». Lydarslåtten «Margit Hjukse», utforma av Lars Fykerud og Torkjell Haugerud er basert på denne, og var nytta av Eivind Groven i korverket over visa «Margit Hjukse». I Setesdal er denne slåtten rekna til Kivlemøykrinsen.

Slåtten har også ein variant i Valdres i tradisjon etter Knut Snortheim, og vert kalla «Tusselåtten».

a: «Skjaldmøyslaget», etter Halvor Bråten, Tinn. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 26). Bråten hadde slåtten frå Dreng Ose, Setesdal. Felestillet er Trollstilt. b: «Tusseslåtten», etter Eivind Hamre, Bygland. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (Bjørndal Gamle slåttar hefte I nr 7). Knut Heddi hadde lært slåtten av Petter Veum frå Fyresdal. c: «Gangar», etter Andres K. Rysstad, Hylestad. Nedskrift Truls Ørpen 1952 etter privatopptak (Ø 496). Andres Rysstad hadde slåtten frå Halvor Rysstad, som hadde han frå Petter Veum. Han rekna dette som systerslått. d: «Kivlemøyane», etter Halvor Rysstad, Hylestad. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 586). Rysstad lærte slåtten av Petter Veum frå Fyresdal i 1889. Veum hadde slåtten frå Øystein Langedrag i Seljord. Knut Heddi skal ha sett namn på denne forma. e: Halling etter Langedragen, etter Tarjei Tvigyva, Lårdal Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 700).

Systerslått II

A-varianten er på nedstilt bass. I Telemark er hovudformene til denne springaren etter Hans Smeland og Torkjell Haugerud, som er på G-C-A-E.

a: «Springar», etter Gregar O. Nordbø, Bø i Telemark. Nordbø hadde slåtten frå bestefaren, Gregar Nordbø. b: «Systerslått», etter Åsmund Groven, Lårdal. Nedskrift Eivind Groven 1944 (G 443). Åsmund hadde slåtten frå Hans Smeland i Seljord. c: «Systerslått», etter Hans Smeland, Seljord. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 146). Smeland lærte slåtten av Leiv Sandsdalen, som hadde han frå faren Øystein Langedrag. d: «Systerslått», etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1388, NRK magn. 53258). Haugerud hadde slåtten frå Leiv Sandsdalen. e: «Systerslått», etter Andres K. Rysstad, Setesdal. Nedskrift Sven Nyhus 1974.

Kivlemøyslåttane på F-C-A-E

Desse slåttane vert kalla «Kivlemøyane» i tradisjonen etter Knut Dahle, og delvis «Systerslåttane» i tradisjon etter Kjetil Håvardson (son til Håvard Gibøen) og Leiv Sandsdalen. Dei er spela på understilling (F-C-A-E). Dette gjev ein særskild tonekjensle, med ein sekst mellom ters og kvart, og elles opne kvintar. Nummera I, II og III er sett på slåttane av Johannes Dale frå Tinn.

Kivlemøyane I

Kivlemøyane I er ein gangar i 6/8-takt. Slåtten har vore spela i Tinn og Seljord, og alle formene av slåtten er etter Håvard Gibøen.

a: «Systerslått» etter Eilev Smedal, Seljord. Nedskrift Eivind Groven 1936 (G 957). Smedal hadde slåtten etter Kjetil Håvardsson, son av Håvard Gibøen. b: «Kivlemøyane I» etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Truls Ørpen 1953 (Ø 389). Forma er etter Knut Dale. c: «Systerslått» etter Høye Kvåle, Seljord. Nedskrift Arne Bjørndal 1950 (B 2450). Forma er etter Kjetil Håvardsson. Dei møttest i 1890.

Kivlemøyane II

Dette er ein springar som finst i mange variantar. Kjelda for slåtten er Øystein Langedrag. Det var Johannes Dale som i si tid sette nummer på slåtten. Olav Moe meinte denne var ein gamal hilmespringar, og førte han att til repertoaret til Moe. Blant anna Oscar Hamry, Ola K. Snortheim og Knut Trøen hadde også denne på repertoaret.

a: «Trollslåtten» etter Ola Mosafinn, Voss. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal gamle slåttar hefte IV nr 6). Mosafinn lærte slåtten av Leiv Sandsdalen frå Seljord ein gong dei møttest på Voss. b: «Systerslått» etter Hans Smeland, Seljord. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 150). Smeland lærte slåtten av Leiv Sandsdalen frå Seljord. c: «Systerslått» etter Eilev Smedal, Seljord. Nedskrift Eivind Groven 1936 (G 958). Smedal lærte slåtten av Kjetil Håvardsson. d: «Systerslått» etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Denne forma vart nytta av Edvard Grieg, og skriven ned av Johan Halvorsen. Slåtten er og skriven opp av Groven og Ørpen. e: «Springar frå Kivlemøyane» etter Eivind Mo, Rauland. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Mo lærte slåtten av Høye Kvåle frå Seljord i 1920. Denne forma skal vera noko lik forma til Håvard Gibøen. Herbrand Hagen frå Nore spela òg denne slåtten.

Kivlemøyane III Systerslått (Kivlemøyane III). Denne skal vere komponert av Knut Dahle, og er berre skriven ned etter Johannes Dale i Hardingfeleverket. (Eivind Groven 1111, NRK magn.).

Slåttar som har assosiasjon til krinsen A-E-A-C# «Skjaldmøyslått» etter Knut Heddi, Rysstad. Gangar i 2/4. Bjørndal gamle slåttar hefte III nr 5. Nedskriven 1917. Heddi hadde slåtten frå Bjug Torjusson Hovi, som døydde kring 1890. Bjug hadde slåtten frå Torjus Olson Faremo. Segna om skjaldmøyane er knytt til Setesdal, og ikkje til Seljord. Denne hallingen er i grunn den same slåttekrinsen som hallingen på forstemt, og vart trykt i band II to gonger. «Skjaldmøyslått II» etter Eivind Hamre, Bygland. Gangar i 6/8 Dette er ein variant av Nøringen frå Voss. A-E-A-E «Systerslått [III]» etter Andres K. Rysstad. Vart skriven ned av Eivind Groven i 1959 etter opptak i NRK (G 1136). Slåtten er tydeleg knytt til gruppa. F-C-A-E «Systerslått» etter Bjørn Lofthus frå Vinje. Vart skriven ned av Eivind Groven i 1921 (G 669). Slåtten er ikkje svært lang (8 takter).

Jens Østerdal frå Seljord har også ein urelatert systerslåttspringar (Telemark Folkemusikkarkiv Td44).