Borgund kyrkje står på Borgund i Lærdal kommune i Vestland, like ved Borgund stavkyrkje, og er ei langkyrkje i tre frå 1868.
mini|venstre|Kyrkjene på Borgund mini|Kyrkjene i Lærdal mellom 1880 og 1910. Ho erstatta stavkyrkja som soknekyrkje for Borgund sokn i Sogn prosti.
Kyrkja vart dels betald for av Fortidsminneforeningen mot at dei fekk overta stavkyrkja. Sokneprest Henning Frimann Dahl var sterkt med på å drive fram denne løysinga. Soknet måtte ha ny kyrkje for stavkyrkja var vorten for lita, og Dahl meinte at det var ei nasjonal oppgåve å ta vare på Borgund stavkyrkje for framtida.
Kyrkja er teikna av Christian Christie. Han teikna også Hauge kyrkje i nabosoknet, og dei to kyrkjen har grunnforma sams, men medan Hauge kyrkje har to tårn og plass til 500 personar, har Borgund kyrkje ein takryttar midt over skipet og plass til 175 personar. I utforminga av kyrkjene var han inspirert av stavkyrkjene.
Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg kyrkja i Lærdal prestegjeld.
Både Borgund stavkyrkje og Borgund kyrkje finst i små versjonar bygd i legoklossar i Legoland.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Borgund kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Borgund kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Borgund kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av kyrkje på Borgund på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Lærdal Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kulturminne i Lærdal Kategori:1868 i Noreg Kategori:Bygningar teikna av Christian Christie