Leikanger kyrkje står på Leikanger på Systrond i Sogndal kommune i Vestland og er ei langkyrkje i stein frå kring 1250.

Historie mini|venstre|Kyrkja fotografert i 1936. Kyrkja har vore endra mykje opp gjennom hundreåra. Opphavleg var ho ein rektangulær steinbygning utan tårn, med vindaugo i sør og aust, og både ein vestleg og ein sørleg portal. Ein stavbygd takryttar vart reist i 1660.

I 1872 vart ho vigsla på nytt etter ei stor omvøling i regi av arkitekt Chr. Christie, som etterlét lite av den opphavlege mellomalderkyrkja. Kyrkja vart utvida mot aust med eit nytt kortilbygg, sørportalen vart lukka og vindaugo vart omgrupperte. Alt inventaret vart bytt ut, og det vart reist eit stort kvitt tårn i nygotisk stil.

I mellomkrigstida tok sokneprest Sverre Daae initiativ til å restaurera kyrkja, og dette vart gjennomført i samarbeid med arkitekt Claus Lindstrøm, bygdefolket og kommunen. I 1936 stod interiøret fram att mykje som det hadde vore på 1600-talet. Det kvitemåla tårnet vart teke ned i 1955 og erstatta av ein kopi av 1600-talstårnet. Kring 1960 vart vindaugo forminska.

Interiør Dagens interiør i kyrkja skriv seg frå restaureringa i 1936, der mykje av 1600-talsinventaret vart teke inn att i kyrkja og resten av interiøret vart tilpassa dette i stilen. Både døypefonten og korskiljet er konstruerte i 1936 av delar frå 1600-talet. Benkene i skipet er teikna av arkitekt Lindstrøm, men på galleriet er benkene frå omvølinga i 1872.

Altartavla Altartavla frå tidleg 1600-tal er ei klassisk renessansetavle i to høgder og med utskorne vengjer. Biletfelta framstiller sentrale hendingar i Jesu liv, og har innskrifter på dansk, tysk, latin, gresk og hebraisk. Nedst på tavla er det tekstfelt med Fadervår og innstiftingsorda til nattverden.

mini|venstre|Kyrkjerommet slik det framstår i dag, etter restaureringa 1936-1960.

mini|venstre|Portrettrekkja på nordveggen (f.v.): Biskop Niels Paasche, Christine Dorothea Schjelderup og Jens Bugge, Erik Iversen Nordal, og Lene Splidsdatter.

Preikestolen Preikestolen er ein rikt ornamentert renessansepreikestol med fire biletfelt som framstiller dei fire evangelistane. Etter omvølinga i 1872 vart preikestolen brukt som kateter på Nybø skule, og seinare i fleire år som talarstol på 1. mai og 17. mai i Amtmannslunden, der han overvintra i friluft under ei gran. I 1936 vart han restaurert av Johannes J. Njøs, Trygve Rishovd og Ola Seter, og teken inn att i varmen i det restaurerte kyrkjeinteriøret.

Krusifikset Leikanger-krusifikset, eit av landets eldste, er eit triumfkrusifiks frå 1100-talet.Universitetsmuseet i Bergen Det hang i Rinde stavkyrkje i Feios, og vart i 1865 innlevert til Bergen museum.Lokalhistoriewiki I 1957 kom ein kopi av dette krusifikset på plass i korskiljet.

Portrettmåleria I kyrkja heng fire store portrettmåleri frå 1600-talet: Niels Paaske, biskop i Bjørgvin 1616-1636. Måla av ukjend målar, truleg på 1630-talet.Betragt et langt livs mål med rette øjne – Biskop Niels Paaske i Leikanger kyrkje (Zenodo)Sogn Avis 13.06.26. Jens Bugge, sokneprest i Leikanger 1658-1684, og kona Christine Dorothea Schjelderup. Måla av Elias Fiigenschoug i 1661. Erik Iversen Nordal, sokneprest i Leikanger 1618-1658. Måla av Elias Fiigenschoug i 1641. Lene Splidsdatter, den andre kona til Erik Nordal. Måla av Elias Fiigenschoug i 1641.

Kyrkjeorgelet Kyrkja fekk orgel i 1913 og orgelhuset er frå den tid. I 1981 fekk kyrkja nytt orgel bygd av J. H. Jørgensen. Orgelet vart restaurert i 2023.Sogndal.kyrkja.no

Soknet og prestegjeldet Kyrkja er soknekyrkja og einaste kyrkja i Leikanger sokn i Sogn prosti. I mellomalderen var det fire kyrkjer i dagens Leikanger sokn: Njøs, Henjum, Leikanger og Hamre. Dei andre tre kyrkjene vart nedlagde etter reformasjonen. Frå gamalt av har Leikanger prestegjeld også omfatta soknene Fresvik og Feios (inntil 1999), Vangsnes, Tjugum og Fjærland (inntil 1849).

Som hovudkyrkje i prestegjeldet, var Leikanger kyrkje valkyrkje ved valet til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Valet vart halde 18. mars, og kapellan Ludvig Daae frå Leikanger og gardbrukar Marcus Anfindsen Hovland frå Vangsnes vart valde som prestegjeldet sine valmenn.Kringom.no

Sjå òg Prestar i Leikanger Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder

Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Leikanger kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Leikanger kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

Bakgrunnsstoff

Anne Marta Hoff: «Leikanger kyrkje» i Norges kirker, Norsk institutt for kulturminneforskning Om Leikanger kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen Om Leikanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av Leikanger kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Hermund Kleppa (2014) Grunnlovsjubileum – 1814 i Leikanger prestegjeld. Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kategori:Kyrkjer i Sogndal Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Leikanger Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Sogndal Kategori:Valkyrkjer i 1814