Nizjnevartovsk (russisk Нижнева́ртовск) er den nest største byen i Khanty-Mansia i Russland. Han ligg på høgre sida (nordsida) av elva Ob, rundt 400 km aust for Khanty-Mansijsk. Byen har om lag 280 000 innbyggjarar.
Byen vart grunnlagt i 1909, men utviklinga til storby skaut først fart på 1960-talet, etter oppdaginga av oljefeltet Samotlor, som er det største i Russland. Han fekk bystatus i 1972.
Nizjnevartovsk er eit senter for den vestsibirske oljeregionen og er ein av dei rikaste byane i Russland.
Nizjnevartovsk lufthamn, 4 km vest for byen, er av dei travlaste i heile Sibir.
Om vinteren kan temperaturen falle til −50 °C og innbyggjarane byggjer fleire isparkar med skulpturar i snø og is, pg leikeområde for barna. Om sommaren stig temperaturen til +35 °C.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1909