Mahmoud Ahmadinejad () var den sjette presidenten i Iran som hadde embetet frå 2005 til 2013. Han var borgarmeister i Teheran frå 2003 til 2005, og var ein religiøs konservativ leiar med islamistiske og folkelege syn. Ahmadinejad var utdanna ingeniør og var professor ved det teknologiske og vitskaplege universitetet i Iran før han vart borgarmeister.
Ahmadinejad vart vald til president i Iran 24. juni 2005 i den andre valrunda i presidentvalet framfor rival og tidlegare president Ali Akbar Hashemi Rafsanjani, som Ahmadinejad sigra over med 61,69 % av dei rundt 28 millionar stemmene. Valdeltakinga på rundt 59,6 %. Iranske analytikarar forklarer støtta Ahmadinejad hadde, særleg blant dei fattige i landet, med den enkle livsstilen og dei populistiske meiningane hans.
Ahmadinejad vart meld drepen i eit amerikansk-israelsk luftåtak 28. februar 2026, men denne meldinga vart avkrefta av iranske kjelder.
Kjelder
Artikkelen «Ahmadinejad, Mahmoud» på Caplex
Bakgrunnsstoff
Kategori:Iranske politikarar Kategori:Iranske presidentar