Yersinia pestis er ein bakterie i familien enterobakteriar. Han held til i mage, blod- og lymfesystema til vertsdyr. Y. pestis smittar pattedyr og finst særleg hos smågnagarar. Han kan spreie seg til menneske gjennom lopper og gjev pest. Pest har gjeve opphav til store dødstal ved fleire kjente epidemiar i historisk tid (utan medisinsk tilsyn har pest høg letalitet), som til dømes Svartedauden, som tok livet av mellom ein tredel og halvparten av folkesetnaden i Europa. Mellom 1987 og 2001 blei det rapportert 36 876 tilfelle av pest til WHO, av desse døyde 2 847.Michael B Prentice og Lila Rahalison, «Plague», Lancet 369 (2007): 1196-207.
Slekta Yersinia er ein Gram-negativ kokkebakterie, og som andre enterobakteriar har den eit gjæringsstoffskifte. Yersinia pestis produserer eit antifagocytisk slim.
Historie Y. pestis blei oppdaga i 1894 av den sveitsisk-franske legen og bakteriologen Alexandre Yersin i samband med ein epidemi i Hong Kong.
Behandling Y. pestis er særs sensitiv overfor antibiotika, t.d. streptomycin og kloramfenikol.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Yersinia pestis . Virtual Museum of Bacteria.
Kategori:Bakteriar Kategori:Pest Kategori:Bakteriesjukdommar Kategori:Bakteriar med sekvenserte genom