Spinnmiddtåka eller NGC 6537 er ei planetarisk tåka som ligg rundt 3000 lysår unna jorda i stjernebiletet Skytten. Den sentrale kvite dvergen har ein estimert overflatetemperatur på meir enn 500 000 °C, noko som gjer han til ein av dei varmaste stjernene ein kjenner til. Grunna den høge temperaturen sender han òg hovudsakleg ut lyset sitt i form av røntgenstråling.

Ein kraftig stjernevind på rundt 2000-4500 kilometer per sekund har laga opp til 100 milliardar kilometer høge bølgjer i tåkematerialet.

Kjelder

Denne artikkelen baserer seg på biletsleppet «Surfing in Sagittarius - not for the faint-hearted!» frå det europeiske informasjonssenteret for Hubble.

Kategori:Planetariske tåker Kategori:NGC-objekt Kategori:Skytten