Berislav Grgić () er ein bosnisk kroat som er tidlegare katolsk biskop i Tromsø stift.

Bakgrunn Berislav Grgić studerte ved den teologiske høgskolen i Vrhbosna, og vart vigsla til prest i 1986 i Banja Luka. Sidan studerte han til lisensiatsgrad i spiritualitet ved det pavelege universitet Gregoriana i Roma 1988-1991.

Virke Han underviste ved guteseminaret i Zadar i Kroatia 1991-1992, og arbeidde for dei katolske hjelpeorganisasjonane Caritas Banja Luka og Caritas Zabreb frå 1992 til april 1995. Sidan var han sokneprest i Budžak til han flykta frå krigshandlingane den 20. august 1995. mini|venstre|Våpenskjoldet til Berislav Grgić

Han kom til Oslo i 1996 og vart sjelesørgjar i Oslo katolske bispedømme. Frå 2000 var han skoleprest ved St. Sunniva skole og kapellan tilknytt St. Olav domkirke. Frå 2007 til 2008 arbeidde han i erkebispedømmet München og Freising.

Biskoputnemninga vart offentleggjort den 18. desember 2008 og vigslinga fann stad 28. mars 2009.

Biskop Berislav Grgić forlet embeter som biskop-prelat av Tromsø 63 år gammal, på grunn av helseproblem. I januar 2023 blei han kalla inn av den pavelege representanten i Stockholm, som meddelte at pave Frans hadde nunc pro tunc innvilga avskjed, som kom i kraft 31. august 2023.

Kjelder

Biografi på katolsk.no

Kategori:Norske katolske prestar