Nord-Irland er ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, og har eit stipulert folketal (2019) på tett oppunder 1,9 millionar.Stipulert til 1897893 per 1. juli 2019 av Population UK; https://www.ukpopulation.org/northern-ireland-population/, lese 28. april 2019. I offisielle kjelder er Nord-Irland både omtala som ein "provins" og som ein "region". Nord-Irland er den nordaustlege delen av øya Irland, og utgjer seks av dei ni grevskapa i det historiske Ulster, dei siste tre, Donegal, Cavan og Monaghan, ligg i Republikken Irland. Desse tre hadde alle klåre fleirtal av nasjonalistar, og vart (difor) ikkje inkludert I Nord-Irland. Nord-Irland vart soleis utforma slik at det utgjorde det største mogelege området med «sikkert» unionistisk fleirtal (om lag 2/3). Det nordlegaste punktet på øya ligg i Republikken Irland, ved Malin Head i grevskapet Donegal.

Den tettast folka delen av Nord-Irland, er stor-Belfast-regionen. I flatemål er Nord-Irland lite (13843 kvadratkilometer), til samanlikning har norske Rogaland fylkeskommune om lag 2/3 av flatemålet til Nord-Irland. Av det samla landarealet til det geografiske Irland, utgjer Nord-Irland om lag ein sjettedel. Provinsen er skild frå Skottland av "North Channel", på det trongaste er det berre 21 kilometer frå Nord-Irland til Skottland. I aust og sør-aust skil Irskesjøen Nord-Irland frå Wales og England.

Government of Ireland Act (1920) - Nord-Irland vert til

Nord-Irland vart til i etterkant av Government of Ireland Act (1920)Sjå Government of Ireland Act (1920) i fulltekst. http://www.legislation.gov.uk/ukpga/1920/67/pdfs/ukpga_19200067_en.pdf som leidde til formell politisk kløyving av den irske øya året etter.For ei god framstilling av kløyvinga, sjå Michael Laffan (1983); "The Partition of Ireland 1911-1925". Dundalk, Dublin Historical Association/Dundalgan Press. ISBN 0-86221-106-6 Provinsen vart ei sjølvstendig juridisk eining 3. mai 1921 med grunnlag i Government of Ireland Act.Statutory Rules & Orders published by authority, 1921 (No. 533). Frå 1921 vart då Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Med grunnlag i Government of Ireland Act (1920) vart grensekommisjonen Fristaten/Nord-Irland (1924) oppnemnd. Denne skulle vurdera om det var trong for å justera grensa mellom Nord-Irland og den irske Fristaten. Kommisjonen hadde ein representant for Nord-Irland, ein representant for Fristaten og ein representant for Det Sameinte Kongeriket. I 1925 vart det kunngjort at ingen grenseendringar kom. Rapporten frå grensekommisjonen vart ikkje offentleggjort før i 1969.

Den irske fristaten var del av Det britiske samveldet med den britiske monarken som formelt statsoverhovud. Fristaten vart ein sjølvstendig republikk frå 1949. Frå same året vart Nord-Irland, som del av det Sameinte Kongeriket, med i NATO. Frå 1973 vart dei og del av EF, seinare EU. Som resten av det Sameinte Kongeriket, står Nord-Irland utanfor den økonomiske og monetære unionen i EU.

Nord-Irland fram til innføringa av britisk direktestyre i 1972

Unionen mellom Storbritannia og Irland (Nord-Irland frå 1921), har definert ei klår todeling av politikken mellom tilhengjarar (unionistar) og motstandarar (nasjonalistar). Dei siste ynskjer samstundes å oppheva delinga av Irland. I perioden fram til 1972 var Nord-Irland ein unionistisk eittpartistat, styrt av Ulster Unionist Party (UUP) og den mektige Orangeordenen. Det nasjonalistiske mindretalet vart systematisk diskriminert av styresmaktene og på mange samfunnsområde. Det er breitt oppsummert at dei femti åra med UUP-styre fram til 1972, kan reknast som eit vanstyre, og Nord-Irland i denne perioden har og vorte omtala i faglitteraturen som ein produsent av lidingar.Sjå t.d. Paul Bew (m.fl.) (2002); Northern Ireland 1921/2001. Political Forces and Social Classes. London, Serif s. VII, som har som startpunkt at regimet "departed in a number of notable ways from the normal forms of parliementary democracy" og elles gjev ein mildt formulert kritikk med skarpt innhald. ISBN 1-897959-38-9. Sjå vidare den meir hardtslåande Michael Farrell (1990); Northern Ireland. The Orange State. London, Pluto Press ISBN 0-86104-300-6 som rekna Stormontregimet som ureformerbart.

Partiet hadde reint fleirtal i det regionale parlamentet Stormont-parlamentet, og alle regjeringar i perioden var styrt av UUP. Frå 1966, då den paramilitære unionsvenlege organisasjonen Ulster Volunteer Force gjekk til aksjon, utvikla det seg ein storskala valdeleg konflikt mellom nasjonalistiske paramilitære (oftast kalla republikanarar), unionsvenlege paramilitære (ofte kalla lojalistar), det militariserte politiet Royal Ulster Constabulary(RUC) og den britiske hæren i Nord-Irland. Dei meste kjende lojalistiske paramilitære organisasjonane var Ulster Volunteer Force (UVF) og Ulster Defence Association (UDA). Dei meste kjende republikanske paramilitære organisasjonane var Irish Republican Army (IRA) og Irish National Liberation Army (INLA). Valdsbruken gjekk til vers ved inngangen til 1970-åra, og situasjonen kom "ut av kontroll" for styresmaktene. I 1972 vart difor britisk direktestyre over provinsen innført.

Frå langfredagsavtala (1998) til i dag

Direktestyret vara fram til etter Langfredagsavtala frå 1998. Då hadde valdsbruken lagt seg mykje sidan slutten av 1980-åra og gjennom 1990-åra. Etter langfredagsavtala la dei viktigaste paramilitære organisasjonane ned våpna og uskadeleggjorde dei under oppsyn frå internasjonale observatørar. Små paramilitære grupper går framleis til aksjon frå tid til anna, men valdsbruken er kraftig redusert. Etter Langfredagsavtala tok Northern Ireland Assembly - eit nytt regionalparlament over styringa, men direktestyre har vore mellombels gjeninnført i dei periodane der denne regionale folkevalde forsamlinga har vore suspendert. Vidare har politiet Royal Ulster Constabulary, som mange nasjonalistar rekna som ein unionistisk militia, omdanna og fekk namnet Police Service of Northern Ireland (PSNI). Dei to største partia er i dag Democratic Unionist Party (DUP) og Sinn Féin, som er eit parti innanfor den irske republikanske tradisjonen. Det tidlegare statsberande partiet Ulster Unionist Party er no det minste av dei to store unionistpartia. Sinn Féin har vokse seg seg vesentleg større enn Social Democratic and Labour Party, det siste var lenge det største partiet blant nordirske nasjonalistar.Nettstaden https://www.ark.ac.uk/elections/ gjev svært gode oversyn og detaljar om val (irekna godt illustrerande kart), valresultat og informasjon om valordningar i Nord-Irland.

Språkbruk er ein del av politikken

Den historiske hovudtradisjonen på unionistisk side i politikken har vore å omtala Nord-Irland som Ulster, sjølv om berre seks av ni ulstergrevskap ligg i Nord-Irland. Men "Northern Ireland" er og nytta blant unionistar. Nasjonalistane nyttar ikkje Ulster som anna enn namn på den historiske provinsen Ulster med ni grevskap. På denne sida av politikken ser ein og ikkje sjeldan at dei nyttar termen dei seks grevskapa ("the six counties") eller det nordlege Irland ("the north of Ireland") om Nord-Irland. Men ogso på denne sida og er Nord-Irland ("Northern Ireland") i bruk. Nasjonalistar brukar namnet Derry på den neststørste byen i Nord-Irland og på grevskapet denne byen ligg i, medan dei aller fleste unionistar brukar Londonderry. Den sterke konfliktperioden frå slutten av 1960-åra har det medkvart vorte vanleg å omtala med den "nøytrale" termen the troubles.

Tidlegare og noverande administrative inndelingar

Frå 1921 til 1973 var dei seks ulstergrevskapa administrative og politiske einingar:

Grevskapet Antrim, med tidlegare administrasjonsenter i Antrim. Grevskapet Armagh, med tidlgare administrasjonssenter i Armagh. Grevskapet Down, med tidlegare administrasjonssenter i Downpatrick. Grevskapet Fermanagh, med tidlegare administrasjonssenter i Enniskillen. Grevskapet Londonderry, med tidlegare administrasjonssenter i Derry/Londonderry. Grevskapet Tyrone, med tidlegare administrasjonssenter i Omagh.

Desse grevskapa vart delt inn by- og landdistrikt, og dessutan med byane Belfast og Derry som "county boroughs". I 1973 vart dette endra, og Nord-Irland fekk 26 lokalstyresmakter. Frå 1. april 2015 har desse vorte omorganisert (og sentralisert) til 11 lokalstyresmakter. Det var oppe eit framlegg om å redusera dette til sju. Grevskapa har soleis ikkje lenger administrative eller politiske funksjonar, og er difor no berre kjende historiske storleikar og dessutan mykje nytta geografiske einingar og referansepunkt.

Lokalfolkevalde har valperiodar på fire år, og vert valde med ei valordning som gjev høve til å overføra røyster, sokalla single transferable vote - STV. Ein kandidat må vera minst 18 år og borgar av det britiske samveldet eller EU, i tillegg må ho/han ha røysterett i distriktet og eiga tomt/land eller budd eller arbeidd i distriktet det siste året før valet.

Tidlegare var det fem "Education and Library Boards (ELB-ar)" i Nord-Irland. I 2009 vart biblioteksansvaret flytta og sentralisert under verkeområdet til "the Northern Ireland Library Authority".Campbell officially launches a new era in libraries NI-Libraries.net, 2 April 2009; Retrieved 23 July 2013 Ei liknande sentralisering skjedde på utdannings-sida, med skipinga "Education Authority for Northern Ireland" i 2015.

Historie

Frå arkeologisk tid til Act of Union (1800)

Frå det Sameinte Kongeriket vart skipa til skipinga av Irland

Grunnleggjande konfliktforståingar Det finst grunnleggjande ulike forståingar av konfliktane i Nord-Irland og grunnlaget for dei. Ein hovudvariant er å sjå på dette som ein provinsintern konflikt. Denne hovudvarianten deler seg i fleire undervariantar. Nokon meiner at dette er konfliktar som førast mellom religiøse grupper og talar om katolikkar mot protestantar. Andre hevdar det er ei hovudkofliktline mellom ideologiar med ulikt syn på nasjonal identitet og statstilhøyre. Dei talar gjerne om nasjonalistar mot unionistar. Ein tredje hovudvariant hevdar at dette djupast sett handlar om sosio-økonomiske eller sosio-kulturelle privilegie, nokon av desse forstår konfliktane som avleidde av klassemotsetnader. Alle desse tre variantane legg hovudvekt på provinsinterne forhold, men dei utelukkar ikkje i alle tilfelle tilhøve som har med den britiske staten eller andre i Storbritannia som aktørar. Ein fjerde hovudvariant meiner konfliktane har med stormaktspolitikk eller imperialisme eller geopolitikk å gjera. Tilhengjarar av dette synet dei difor ogso på ulike måtar rekna Storbritannia som ein hovudaktør, men kan ha ulike syn på i kva slags rolle eller i kva grad provinsinterne tilhøve eller aktørar har verka inn. Relativt få faglege analysar, iallfall frå nyare tid, utelet nokon av desse konfliktlinene "fullstendig". Til ein viss grad kan ein difor tala om semje om at desse konfliktlinene har vore fletta inn i kvarandre, men ogso om ei usemje om kven av dei som har vore viktigast eller mest grunnleggjande.

Demografi: Folketalsutvikling og religiøs tru

Topografi og klimatiske tilhøve