Steinar (Johannes Stenersen) Schjøtt () var ein norsk ordbokredaktør, omsetjar, målmann og statsstipendiat. Han er mest kjend for omsetjinga av Heimskringla til nynorsk, utgjeven 1874–79.

Steinar Schjøtt var presteson fødd i Porsgrunn. Han tok latinartium i Skien 1862 og vart cand.philol. i 1870. Han var lærar ved Heltbergs studentfabrikk, så i Levanger og Kristiansand. Frå 1874 til 1893 var han lærar i Fredrikshald, så i Skien. Schjøtt vart statsstipendiat i 1909, men alt frå 1899 var han frikjøpt frå lærarstillinga for å kunne bruke tid på ordboksarbeidet, busett i Oslo.

Han var tidleg aktiv som skribent i og redaktør av ulike måltidsskrift, og skreiv ei Noregshistorie til skulebruk. Omsetjinga av Heimskringla var i førstninga omstridd fordi Schjøtt valde ein annan landsmålsnormal enn Aasen. I ettertid har til dømes Kjell Venås vurdert det som at Det mest gjennomtenkte, folkemålsnære og stilreine tidlege alternativet til Aasen-norma kom frå Schjøtt.

Frå 1899 arbeidde han med Dansk-norsk ordbog. Boka kom ut i 1909, med danske/riksmålske oppslagsord og nynorske definisjonar. Boka vart følgd av Norsk ordbok, med ordtyding paa norsk-dansk i 1914. Schjøtt busette seg frå 1915 i Asker, som nabo av Hulda og Arne Garborg. Garborgs Knudaheibrev er stila til Schjøtt. Han hjelpte Garborg med å omsetje Odysseen til landsmål.

Verk Heimskringla. 1874-79 Norigs soga, til heimbruk og bruk for lærarar. 1879 Lærebok i heimssoga : til bruk fyr seminar. 1899 Dansk-norsk ordbog. 1909 Norsk ordbok, med ordtyding paa norsk-dansk. 1914

Litteratur Kjell Venås. «Steinar Schjøtt» I: Norsk biografisk leksikon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steinar Schjøtt» frå , den 24. desember 2008. .

Kategori:Norske filologar Kategori:Målfolk Kategori:Målfolk frå Grenland Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Folk frå Porsgrunn