Blixprisen, somme tider skrive Blix-prisen, er ein norsk litteraturpris som vert delt ut årleg til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk. Det skal leggjast vekt på å heidra yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. Prisen kan delast ut for skjønnlitteratur eller faglitteratur. Grunnlaget for prisen er Emma og Elias Blix' legat. Prisvinnaren vert utpeika etter tilråding frå ei nemnd med medlemmer frå Nord-Norsk Kulturråd, Nordnorsk Forfatterlag og Det Norske Samlaget.
Legatet som gjev det økonomiske grunnlaget for prisen, er gjeve av Marie (1873-1920) og Einar Blix (1880-1941) og sett i verk av Ivar Blix til minne om foreldra deira, Emma og Elias Blix, og «skal ha til oppgåve å fremja arbeidet for nynorsk litteratur». Legatet vert forvalta av Det Norske Samlaget.
Vinnarane av Blixprisen ÅrVinnar2023Sigrid Agnethe Hansen2022Jens K. Styve2015 for det barnelitterære forfattarskapet sitt2013 for bøkene om KlaraAvisa Nordland 7.11.20132012 for barneboka Huskereisa2011 for debutromanen Lykkefeltet2010 for debutromanen Eg er mamma, eg skal vere god2009 for songtekstane sine2008200720062005 for diktsamlinga Strupesong20042003 for ungdomsboka Glaskula2002 for den lange innsatsen si i nordnorsk kulturliv2001200019991998 Prisen vart ikkje delt ut199519971996199419931992199119901989198819871986198519841983198219811980197919781977Aftenposten: «Blix-prisen til Birger Jåstad». 22. august 1977. s. 4.1969–1976Prisen vart ikkje delt ut1968
Referansar
Kjelder Nettstaden til Bærum bibliotek: «Blixprisen»
Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Nynorske litteraturprisar Kategori:Nordnorsk kultur Kategori:Skipingar i 1968