Vassenden kyrkje står på Vassenden i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei arbeidskyrkje frå 2001.

Kyrkja er teikna av arkitekt Per W. Skarstein og vart sett opp på dugnad av Stiftinga Vassenden kapell/kyrkjesenter Ho er bygd i kvitpussa lecastein, og taket har form som ein skeiv pyramide med tårn over over austre enden. Kyrkja vart vigsla 22. september 2002, og har status som kapell i Ålhus sokn. Det har vore kyrkjegard på staden sidan 1930.

Altartavla viser Jesu himmelferd og Jerusalem og er måla av Jørleif Uthaug. Ho var eigentleg tinga til Holsen kyrkje i Førde, men der ville ikkje kyrkjelyden ha henne då det kom til stykket, og difor fekk dei overta henne på Vassenden.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

«Vassenden kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Kyrkja i Jølster

Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 2002