Tambopata er ei elv som høyrer til Amazonasbassenget, og er ei bielv til Madre de Dios. Ho renn gjennom regionen Madre de Dios, og Puno-regionen i Peru. I tillegg er ho grenseelv mot Bolivia gjennom ei kort strekning. Ho har ei total lengd på 402 km.
Elva vert fødd i dei snøkvite åsane som dominerer det peruansk-bolivianske Altiplano, i høgd over 3900 moh. Gjennom første nedstiginga mot låglandet i Amazonas dannar ho stryk og fossar i djupe dalar.
Under 3000 moh går ho gjennom jungel i eit økosystem som har nesten permanent skydekke, kjent som tåkeskog eller 'yungas'. Når ho når fram til låglandet, under 500 m i Amazonasbassenget vert Tambopata ei roleg, brei og svingete elv gjennom jungelen i Amazonas. Ho Passerer byen San Rafael og tømmer seg i elva Madre de Dios ved regionhovudstaden Puerto Maldonado.
Tambopata kryssar naturreservatet Tambopata-Candamo og får tilførsel av vatn frå elvane Mosojhuaico og Carama.
Kjelde
Kategori:Elvar i Peru Kategori:Elvar i Bolivia Kategori:Madre de Dios-regionen