Førde kyrkje står på Skei i Førde i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1885.
Bygget vart ført opp etter teikningar av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan og har sitjeplassar til 600 personar.
Førde kyrkje er soknekyrkje i Førde sokn i Sunnfjord prosti. Det har vore kyrkje på staden sidan 1100–1200-talet.
Altartavla Altartavla er frå 1643 og er av dei aller mest verdfulle barokktavlene ein har i Noreg. Tavla vart skjenka av sokneprest og prost Peder J. Finde. Ho vart ikkje sett inn i kyrkja då ho stod ny i 1885, for planen var å få laga ei ny altartavle. Barokktavla var i staden lagra på skuleloftet. Det gjekk heilt til 1925 før ho kom på plass i kyrkja, og då var det ukjende personar som på eiga hand flytte henne dit utan at presten og kyrkjelyden elles visste noko om det før dei kom i kyrkja og fann altartavla der.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Førde kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Førde kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
Fotnotar
mini|Skilt ved porten til kyrkja
Bakgrunnsstoff Om Førde sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversikt over gravminne i Førde kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kulturminne i Sunnfjord Kategori:1885 i Noreg