Mine er ei gammal syrisk, hebraisk, fønikisk og gresk mynt- og masseeining nytta
I antikkens Hellas var ei mine lik 100 drakmar. I nyare tid var ein gresk kongeleg mine eller mna lik 1,5 kg, men har òg vore brukt som namn på kilogram. Syrisk og hebraisk mine var ca. 500 g og var delt i 50 shekel. Ein fønikisk mine var 353 g, omtrent lik ein romersk libra.
Eininga mine er bruka i Det gamle testamentet som mål for gull1. Kong.. 10,17 og sølvEsra 2,69 og tilsvarar om lag 0,571 kilogram. Det finst likevel ulike trekningar for dei bibelske måla, og ein kan ikkje fastsetje verdiane heilt nøyaktig.Ordforklaring i Bibelen, Det Norske Bibelselskap 1978
Referansar
Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Mine: myntenhet. I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/mine/myntenhet.
Kategori:Måleiningar for masse Kategori:Bibelske måleeiningar Kategori:Historisk valuta